Vegplanleggjar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist25.01.2015

Vegplanleggjar for prosjekt i Bypakken Nord-Jæren

- tidenes største satsing innanfor planlegging av kollektiv- og sykkelvegnettet på Nord-Jæren

I Bypakke Nord-Jæren er det mange spennande og utfordrande oppgåver innan veg- og arealplanlegging. Statens vegvesen har ansvar for planlegginga av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda. Vil DU vere med å utvikle samferdslenettet i regionen?

Vi søkjer etter ein erfaren vegplanleggjar med erfaring innanfor vegprosjektering og/eller vegplanlegging. Det er mange spennande og utfordrande fagområde innanfor veg- og tunnelplanlegging, bruplanlegging, arealplanlegging, stadutvikling, landskapstilpassing og landskapsforming, geologi og geoteknikk m.m. som vert knytt til planarbeidet. I tillegg til prosjekt innanfor Bypakken, kan det og vere aktuelt å arbeide med andre prosjekt på riks- og fylkesvegnettet som er omtala i Nasjonal Transportplan eller Handlingsprogram for fylkesveger i Rogaland.

Stillinga vil vere knytt til Planseksjonen på Ressursavdelinga, med kontorstad Stavanger, og er ledig for snarleg tiltreding. Stillinga er i utgangspunktet fast, men andre tilknytingsformer kan vere aktuelle.

Arbeidsoppgåver

Vegplanleggjar vil ha ansvar for utarbeiding av regulerings- og byggjeplanar, med spesiell fokus på:

veg- og tunnelplanlegging

arbeid med regulerings- og kommunedelplanar

vegprosjektering

Kvalifikasjonskrav

utdanning frå høgskule eller universitet på sivilingeniør- eller masternivå, min. 5 år. For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet

minimum 3 års relevant erfaring

erfaring med veg- og arealplanlegging

Det er vidare ønskjeleg at du har:

erfaring i bruk av dataverktøy i planlegginga (AutoCAD, NovaPOINT, GisLine, ArcGis, m.fl.)

gode evner til samarbeid og er resultatorientert

gjennomføringsevne

evne til å tenkje nytt og ha eit heilskapeleg perspektiv

evne til å utvikle eige fagområde

Vi kan m.a. tilby

ein arbeidsplass med stor takhøgd, fagleg fokus, spennande arbeidsoppgåver og gode tilbod for personleg- og fagleg utvikling

rimeleg pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse

triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar

løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2 % til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse

rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter

fleksitid

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no)

Søk her

Kontaktpersonar:

Franka Häussler

tlf: +47 51911481

mob: +47 90518298

Linda Karlsen Longfjeld

tlf: +47 51911403

mob: +47 92240413




Vis flere stillinger: