Arealplanleggjar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist25.01.2015

Arealplanleggjar for prosjekt i Bypakken Nord-Jæren

- tidenes største satsing innanfor planlegging av kollektiv- og sykkelvegnettet på Nord-Jæren

I Bypakke Nord-Jæren er det mange spennande og utfordrande oppgåver innan veg- og arealplanlegging. Statens vegvesen har ansvar for planlegginga av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda. Vil DU vere med å utvikle samferdslenettet i regionen?

Vi søkjer etter ein arealplanleggjar med erfaring innanfor veg- og/eller arealplanlegging. Det er mange spennande og utfordrande fagområde innanfor veg- og tunnelplanlegging, bruplanlegging, arealplanlegging, stadutvikling, landskapstilpassing og landskapsforming, geologi og geoteknikk m.m. som vert knytt til planarbeidet. I tillegg til prosjekt innanfor Bypakken, kan det og vere aktuelt å arbeide med andre prosjekt på riks- og fylkesvegnettet som er omtala i Nasjonal Transportplan eller Handlingsprogram for fylkesveger i Rogaland.

Stillinga vil vere knytt til Planseksjonen på Ressursavdelinga med kontorstad Stavanger, og er ledig for snarleg tiltreding. Stillinga er i utgangspunktet fast, men andre tilknytingsformer kan vere aktuelle.

Arbeidsoppgåver

Arealplanleggjar vil ha ansvar for utforming av reguleringsplanar, planprogram, utgreiingar, koordinering av prosjekt o.a., med spesiell fokus på:

Samordning og rapportskriving for konsekvensutgreiingar og planar

Veg- og arealplanlegging

By- og sykkelplanlegging

Tema nærmiljø

Kvalifikasjonskrav

Utdanning frå høgskule eller universitet på sivilingeniør- eller masternivå, min. 5 år. For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet

Minimum 2 års relevant erfaring

Det er vidare ønskjeleg at du har:

Erfaring med planlegging etter plan- og bygningslova

Erfaring med GisLine, ArcGis og ATP-modell

Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg (nynorsk og/eller bokmål)

Evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver

Evne til å tenkje nytt og ha eit heilskapleg perspektiv

Vilje til å gjennomføre oppgåver

Vi kan m.a. tilby

Ein arbeidsplass med stor takhøgd, fagleg fokus, spennande arbeidsoppgåver og gode tilbod for personleg- og fagleg utvikling

Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse, det vert trekt 2 % til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse

Triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar

Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk

Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter

Fleksitid

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no)

Søk her

Kontaktpersonar:

Franka Häussler

tlf: +47 51911481

mob: +47 90518298

Linda Karlsen Longfjeld

tlf: +47 51911403

mob: +47 92240413


Vis flere stillinger: