Vegplanleggjar teknisk gjennomsyn

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist25.01.2015

Vegplanleggjar for teknisk gjennomsyn av regulerings- og byggeplaner

I Nord-Jæren er det mange spennande og utfordrande oppgåver innan veg- og arealplanlegging. Statens vegvesen har ansvar for planlegginga av prosjekta og for godkjenning av planer frå andre aktørar på riks- og fylkesvegnettet. Vi treng dyktige fagfolk for å sikre kvaliteten i planlegging og realisering. Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke kvalitet og trafikksikkerheit i vegprosjekt i regionen?

Vi søkjer etter ein erfaren vegplanleggjar med erfaring innanfor vegprosjektering og med evne til å vurdere kvalitet og gjennomføringskraft av ein teknisk plan. Du må kunne sjå Statens vegvesen sine handbøker i denne samanheng, samt ha god forståing av samanhengen mellom reguleringsplan, byggjeplan og byggjefase.

Stillinga vil vere knytt til planseksjonen på Ressursavdelinga, med kontorstad Stavanger, og er ledig for snarleg tiltreding. Stillinga er i utgangspunktet fast, men andre tilknytingsformer kan vere aktuelle.

Arbeidsoppgåver

Vegplanleggjar vil primært ha ansvar for teknisk gjennomsyn av interne og eksterne regulerings- og byggjeplanar.

Vidare kan følgjande arbeidsoppgåver vera aktuelle:

Vegfagleg rådgiving

Vegplanlegging i interne regulerings- og/eller byggjeplanar

Prosjekteringsleiar for interne byggjeplanar

TS- revisjon av regulerings- og byggjeplanar

Kvalifikasjonskrav

utdanning frå høgskule eller universitet på ingeniør- eller bachelornivå, min. 3 år.

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet

minimum 10 års relevant erfaring

erfaring med veg- og arealplanlegging

evne til å kunna lesa og forstå ein teknisk plan og vurdera denne sin kvalitet og gjennomføring

god kjennskap til Statens vegvesen sine normalar og handbøker, og evne til å kunna sjå desse i samanheng

god forståing av samanhengen mellom reguleringsplan – byggjeplan - byggjefase

Det er vidare ønskjeleg at du:

har brei erfaring som prosjekt- eller byggjeleiar, kontrollingeniør eller vegplanleggar for byggeplan.

har gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg (nynorsk og/eller bokmål)

har stor arbeidskapasitet og kunne handtere mange arbeidsoppgåver samtidig

er analytisk og strukturert

arbeider sjølvstendig

Vi kan m.a. tilby

ein arbeidsplass med stor takhøgd, fagleg fokus, spennande arbeidsoppgåver og gode tilbod for personleg- og fagleg utvikling

gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse

triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar

løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2 % til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse

rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter

fleksitid

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no)

Søk her

Kontaktpersonar:

Franka Häussler

tlf: +47 51911481

mob: +47 90518298

Linda Karlsen Longfjeld

tlf: +47 51911403

mob: +47 92240413

Vis flere stillinger: