Vegplanleggar/planprosessleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist18.01.2015

Vegplanleggar/planprosessleiar, Bergen I Statens vegvesen Region vest, Ressursavdelinga, har vi ledig stilling som vegplanleggar ved Planseksjonen i Bergen. Vi ser etter deg med interesse for og/eller røynsle frå planprosessleiing.

Planseksjonen er eit samla fagmiljø med over 80 medarbeidarar i regionen. Vi har kontor i Leikanger, Bergen og Stavanger. Planseksjonen løyser prosjekta via eigenplanlegging eller bruk av konsulentar, og vi utfører i hovudsak planprosessar etter Plan- og bygningslova (kommune- og reguleringsplanar), samt utgreiingar og analyser.

Vi utfører veg- og gateplanlegging på store og små investeringsprosjekt i regionen på ulike plannivå. Prosjekta varierar frå store veganlegg til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m. I tida framover vil aktiviteten med nye utbyggingsprosjekt auke vesentleg i regionen. Som følgje av dette treng vi å styrke bemanninga ved Planseksjonen. Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke val og utforming av veg- og gateprosjekt, kan vi by på mange utfordringar.

Arbeidsoppgåvene vil variere noko innan følgjande område,

avhengig av erfaring og kompetanse:

Styre planprosjekt (planprosessleiing) arbeid med regulerings- og kommunedelplanar

Anskaffing og styring av konsulentoppdrag

Sakshandsaming etter plan- og bygningslova Veg- og tunnelplanlegging

Konsekvensutgreiingar

Trafikksikring

Yte intern fagleg bistand

Kvalifikasjonskrav:

Eksamen frå universitet eller høgskule innan veg-/areal-/transportplanlegging, trafikkteknikk

eller tilsvarande, minimum 3 år.

Noen års erfaring frå veg- og tunnelplanlegging, samt sakshandsaming etter plan- og bygningslova.

God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Erfaring frå leiing av prosjektarbeid og evne til å styre og koordinere oppgåver. (for stilling som planprosessleiar)

Det er ønskjeleg med erfaring i bruk av dataverktøy i planlegginga (AutoCAD, NovaPOINT, GisLine, ArcGis, m.fl.)

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til utdanning.

Personleg eigenskapar:

Gode samarbeidsevner og stå-på-vilje

Strukturert og sjølvstendig

Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

Introduksjonsprogram og fadderordning Fleksitid og gode ordningar for avspasering Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse Etatsskular og gode høve til fagleg påfyll Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk her

Kontaktperson:

Wilhelm Lund

tlf: +47 55 51 67 43

mob: +47 91623608

Vis flere stillinger: