To kontrollingeniørstillingar ved vegseksjonen Møre og Romsdal

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region midt
FylkeMøre og Romsdal
StedMolde
Søknadsfrist04.01.2015

Vegseksjonen Møre og Romsdal har no to ledige kontrollingeniørstillingar med kontorstad Molde og Ålesund. Seksjonen har ansvar for utbygging, drift og vedlikehald av riks- og fylkesveger i fylket. Den har 40 medarbeidarar fordelt på kontorstadar i Molde, Ålesund og Åndalsnes. Som ein av to seksjonar i Vegavdeling Møre og Romsdal, opererer vi tett opp mot vegen og trafikantane. Som medarbeidar hos oss vil du gjere ein innsats som betyr mykje for dei som skal ferdes trygt langs vegane våre.

Kva skal du jobbe med?

Du vil bli ein del av enten utbyggingsprosjekt Nordmøre og Romsdal eller utbyggingsprosjekt Sunnmøre. Kvart prosjekt har ein prosjektleiar, byggeleiarar, kontrollingeniørar, byggherrestøtte og HMS-rådgivar. Du rapporterer til byggjeleiar, og er den sin avløysar ved nokre høve.

Du vil i hovudsak arbeide med følgjande:

  • Geometrisk kontroll.
  • Kontroll av teknisk kvalitet.
  • Stikkprøvekontroll.
  • Avviksregistrering med eventuelle varsel til entreprenør.
  • Kontroll og godkjenning av målebrev.
  • Kontrollere at entreprenøren leverer naudsynt dokumentasjon i utføringsfasen.
  • Utarbeide kontrollplanar og oppfølging av desse.
  • Bidra i vurderinga av endringar/ tillegg.
  • Medverke i byggjemøter.
  • Oppfølging av HMS på anlegget.
  • Utarbeiding av tilbodsdokumenter.
  • Bidra med å utøve kontakt mot naboar og offentlige etatar i utføringsfasen.

Kven er du?

Du må ha treårig ingeniørutdanning eller liknande frå universitet eller høgskule med relevante fagkombinasjonar. Det er ein fordel at du har erfaring frå anleggsbransjen.

Personleg eigenskapar blir vektlagt. Blant anna er du:

  • Samarbeidsorientert.
  • Initiativrik.
  • Sjølvstendig og strukturert.
  • Målretta
  • God til å formulere deg, skriftleg og munnleg.
  • Du må ha førarkort klasse B.

Kva tilbyr vi?

Løn blir fastsett etter nærare avtale i høve til etatens lønspolitikk avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna vert det trekt 2 % pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse. Vidare kan vi tilby gunstige arbeidstidsordningar, gode pensjons- og forsikringsordningar, samt gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning

Anna

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer medarbeidarar av begge kjønn, frå alle aldersgrupper og frå ulike etniske grupper og nasjonaliteter. Vi arbeider dessutan aktivt for å rekruttere fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søknad med CV sendast elektronisk. Vi sett pris på om du har anledning til å laste opp dine vitnemål. Originale vitnemål og attestar tas med ved et eventuelt intervju.

Søk stilling

Spørsmål om stillingen?

Ole Jan Tønnesen

Telefon

920 29 592


Vis flere stillinger: