Risa

Risa AS får jobben på Raglamyr

Risa AS leverte det billegaste tilbodet, og får kontrakten med å utvida fylkesveg 47 på Raglamyr frå to til fire felt.

Jærbedriften skal ha snaue 20 millionar kroner eksklusiv moms for å gjere jobben for Statens vegvesen.

Arbeidet på Raglamyr startar etter planen i januar 2015. Prosjektet skal vere ferdig til november 2015.

Utfordring

Det er strekninga mellom Deco-bygget og Coop Obs Bygg like ved Amandasenteret på Raglamyr som no skal utvidast frå to felt til fire felt. Det er 80 metrar som truleg byr på ei real utfordring når anleggsarbeidet set i gang.

- Det kjem til å vere ope for vanleg trafikk gjennom anleggsområdet i mesteparten av prosjektperioden, men det kan bli stengt i korte periodar, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Einar Færaas.

Prosjektleiaren seier at dei som ferdast i området må førebu seg på kø. Det passerer om lag 30.000 bilar i døgeret på vegstrekninga, og det blir trongt om plassen når vegen skal utvidast samstundes som gåande, syklande og køyrande skal passere.

- Bruk omkøyring

- Arbeidet er meir komplisert enn det kan sjå ut som, og det blir difor mange endringar i gang- og køyremønster undervegs, fortel Færaas.

Det blir viktig for alle dei som ferdast i området å følgje nøye med på skilting, for det kan bli endringar titt og ofte etter kvart som arbeidarane må flytte på seg for å utføre dei ulike delane av byggeprosjektet.

- Vi vil på det sterkaste anbefale bilistar som har høve til det å nytte omkøyring anten via Raglamyrsveien og undergangen like vest for Barnas hus og Staples, eller kjøre via Norheim- Raglamyr for å sleppe heilt unna, oppmodar Færaas.