Sommarjobb / praksisplass Sogndal og Førde

FirmaNorconsult
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde / Sogndal
Søknadsfrist01.03.2015

Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Me utfører oppdrag for bygg og eigedom generelt, VVS, elektro, landskap og arealplanlegging, industri/maskin (prosess), kraftverk, VVA (veg, vatn, avløp), prosessleiing/innovasjon, prosjektadministrasjon/byggeleiing og landmåling - frå idé til resultat. I Sogn og Fjordane har Norconsult om lag 40 tilsette og er dermed det største rådgjevande ingeniørmiljøet innanfor bygg- og anlegg i fylket.

Me ønskjer å kome i kontakt med studentar som har tilknyting til Sogn og Fjordane og som tek utdanning i fag som er representert ved kontora våre i Sogndal og Førde.

Me tilbyr

Ein sommarjobb/praksisplass der du vil få delta aktivt i prosjektarbeid innan planlegging og/eller prosjektering. Vårt tverrfaglege miljø vil vera ein spennande læringsarena innan rådgjevande ingeniørverksemd.

Ønska kvalifikasjonar

  • Gode evner og interesse for sitt fagområde, og med gode karakterar i sentrale fag
  • Utadvent og omgjengeleg og som likar å arbeide i team
  • Noko erfaring med dataverktøy generelt og DAK spesielt
  • Relevant praktisk erfaring

Innsending av søknad

Me vil primært vurdera kandidatar som har gjennomført 4. årskull i masterstudiet samt kandidatar som har fullført ingeniørhøgskole og planlegg å gå vidare med masterstudiar.

Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Me gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Send søknad

Kontaktperson:

Jon Ove Lomheim

Kontorleiar

tlf.: 91 72 10 76

Send e-post

Vis flere stillinger: