Avdelingsdirektør, vegavdeling Sogn og Fjordane

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist04.01.2015

I Region vest har vi ledig stilling som leiar for Vegavdeling Sogn og Fjordane. Avdelinga har ansvar for riks- og fylkesvegane i Sogn og Fjordane fylke. Avdelinga er inndelt i tre seksjonar og eit prosjekt med til saman om lag 90 medarbeidarar plassert på ulike stadar i fylket. Omsetning i 2014 er om lag 1,5 mrd. kroner. Avdelingsdirektøren rapporterer til regionvegsjefen i Region vest.

Avdelinga har ansvar for følgjande oppgåver:

  • Planlegging etter plan og bygningslova for eigne utbyggingsprosjekt
  • Forvaltning av riks og fylkesvegar f eks uttale til arealplanar, eigedomssaker, veg- og skiltforvaltning etter veglova og vegtrafikklova
  • Gjennomføring av utbyggings-, vedlikehalds- og driftstiltak. All byggherreaktivitet er prosjektorganisert
  • Ivareta kontakt og samarbeid med kommunar og fylkeskommune
  • Utarbeide grunnlag for etaten sine innspel til handlingsplanar, langtidsbudsjett og årlege budsjett for riks og fylkesvegar.

I tillegg til å ha ansvar for dagleg leiing av avdelinga, herunder budsjett og personalansvar, inngår stillinga i regionvegsjefen si leiargruppe. Du er såleis aktivt med i leiing og utvikling av heile regionen. Stillinga inneber og mykje kontakt og samarbeid med andre einingar i Vegvesenet og eksterne samarbeidspartnar. Kontorstad vil vere Leikanger.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 4 år
  • Leiarerfaring frå linje/stab eller prosjektleiing
  • For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege eigenskapar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Dette ønsker vi oss

I Statens vegvesen ønsker vi å vere profesjonelle, fremtidsretta og inkluderande. Som leiar er det viktig at du kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivelsane og vere tilgjengeleg.

Som leiar i Statens vegvesen forventar vi at du er med og utviklar ein einskapleg etat og legg vekt på resultatleiing. Alle leiarane må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere bevisst på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Personlege eigenskapar som vil verte vektlagd:

  • Evne til å framstå som ein klar og tydeleg leiar
  • Initiativ og god gjennomføringsevne
  • Bredt samfunnsengasjement
  • Ønske om å skape ein triveleg arbeidsplass og sjølv delta aktivt for å oppnå dette

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen ønskjer mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilretteleggje arbeidstilhøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Stillinga føreset godkjend sikringsklarering eller at slik kan gjevast.

Søk stillinga her

Kontaktpersonar:

Helge Eidsnes

mob: +47 95894100

Nils Magne Slinde

mob: +47 90154550