Illustrasjonsfoto

NVE tilrår løyve til Nessane kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Nessakraft SUS løyve til å byggje Nessane kraftverk i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane.

Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på 32,6 GWh, noko som svarer til straumbruken til 1600 husstandar.

Kraftverket vil ha inntak i Nessedalselvi nedom Nessadalsvatnet, og utløp i elva ovanfor Rv 55. Det vert sett krav om minstevassføring i Nessadalselvi, samt at det vert laga ei tilfredsstillande løysing for Nessane vassverk. NVE har lagt vekt på at Osen friluftsområde vert bevart slik det er i dag, samt at tilhøva på anadrom del av Nessadalselvi ikkje vert dårligare.

NVE vurderer at fordelane ved den nye fornybare kraftproduksjonen er større enn ulempene tiltaket fører med seg.