Har du erfaring med strategi - og overordna arbeid?

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist15.01.2015

Statens vegvesen Region vest søkjer etter ein samfunnsengasjert og dyktig medarbeidar med brei erfaring frå strategi- og overordna planleggingsarbeid. Stillinga er knytt til vegavdeling Hordaland og plassert i avdelingsdirektøren sin stab.

Vegavdeling Hordaland har ca 175 medarbeidarar og har ansvaret for forvaltning, drift, vedlikehald, samt planlegging og gjennomføring av investeringstiltak på riks- og fylkesvegane i Hordaland. Avdelingsdirektøren sin stab består av eit team på 4 personar.

Oppgåvene våre er i kontinuerleg utvikling ut frå behovet i organisasjonen og slik at kompetansen i staben vert nytta på beste måte. Viktige oppgåver vil m. a vere prosjektutvikling, støtte til regionalt utviklingsarbeid og styringsdialog mot Hordaland fylkeskommune og regionvegsjef.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Delta i arbeidet med Nasjonal transportplan
  • Regional transportplan
  • Budsjett, planleggings- og byggjeprogram
  • Utvikle tematiske behovsoversikter
  • Prosjektutvikling og regionalt utviklingsarbeid
  • Styringsdialog inkl. arbeid med resultatavtalarårlege leveranseavtalar med fylkeskommunen, interne årsplanar og perioderapportering/økonomistyring.

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 5 år. For kandidatar med særs sterk og allsidig praksis, samt gode personlege føresetnader frå dei aktuelle fagområda, kan kravet til utdanning fråvikast. Du som søkjer må ha god kjennskap til utviklingsarbeid både regionalpolitisk og næringspolitisk, og erfaring med overordna strategi- og planleggingsarbeid.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vil og leggje vekt på at du har:

  • samfunnsinteresse
  • økonomisk forståelse
  • gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
  • evne til omstilling
  • kjennskap til etaten
  • evne til tverrfagleg samarbeid

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og muligheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Statens vegvesen ønskjer mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil leggja til rette arbeidstilhøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk stilling

Spørsmål om stillingen?

Olav Finne

Telefon

55 51 65 88


Vis flere stillinger: