Kontrollingeniør/byggeleiar vegseksjonen i Stavanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist04.01.2015

Vi søkjer kontrollingeniør/byggjeleiar for investeringsprosjekt

I Statens vegvesen Region vest er det ledig 1 – 2 stillingar som kontrollingeniør/byggjeleiar. Stillingane inngår i byggherrepoolen i regionen, men vil f.t. vere knytt til vegseksjonen Stavanger, avdeling Rogaland, med kontorstad i Stavanger, eventuelt Egersund. Seksjonen har om lag 45 tilsette og har ansvar for små og store investeringsprosjekt, samt vedlikehald av riks- og fylkesvegane i heile Sør-Rogaland og delar av Ryfylke. Større investeringsprosjekt som skal byggjast er blant anna vidare kollektivutbygging langs rv44 mellom Stavanger og Sandnes, E39 Sandve-Hove (4-felt) og rv505 Skjæveland-Foss Eikeland.

Arbeidsoppgåver

  • Ta del i prosjektarbeid og utarbeiding av byggetekniske planar
  • Ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • Leia den kvalitetsmessige, kontrakts-/ avtalemessige, økonomiske og tekniske kontroll av entreprenørens arbeid. For tida stort fokus på betongarbeid og støytiltak
  • Rapportera om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
  • Ansvar for byggemøte og referat
  • Ansvar for den daglege kontakt med alle offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida
  • Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/ HMS-koordinator i byggefasen
  • Anna forefallande arbeid

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år med relevant fagkrins
  • Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B). Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknast
  • Den som blir tilsett må ha gode fremstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg

For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fag- og arbeidsområda, og fortrinnsvis utdanning frå 2-årig teknisk fagskule, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til høgare utdanning fråvikast.

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktarbeid
  • Ryddig og strukturert
  • God samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • At du aktivt er med å skape et triveleg og godt arbeidsmiljø

Vi kan tilby

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit sterkt fagleg miljø med moglegheit til eigen påverknad og deltaking
  • Gode høve til fagleg utvikling og vidareutdanning, m.a. byggherreskulen
  • Triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2 % til Statens Pensjonskasse
  • Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Vegseksjon Stavanger, avdeling Rogaland, står framfor mange spennande utfordringar i tida framover, og det vil vere gode moglegheiter for den som vert med på laget vårt. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi set pris på arbeidsglede, godt humør og openheit.

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av klare og trygge rammer for våre medarbeidarar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss, og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ynskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilretteleggje arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må ho godkjennast av NOKUT (www.nokut.no).

Søk stillingen her

Kontaktpersonar:

Øivind Kommedal

tlf: 51911398

mob: 95759497

Vis flere stillinger: