Byggeleiar Eiganestunnelen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist04.01.2015

Vil du ta del i bygginga av verdas lengste undersjøiske vegtunnel?

Statens vegvesen treng fleire gode medarbeidarar for utbygging av Ryfast og Eiganestunnelen.

Prosjektet, som er eit av Norges største samferdsleprosjekt, vart endeleg godkjent av Stortinget i juni 2012 og bygging er i gang for Ryfylketunnelen, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen.

Prosjektet er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger og er planlagt ferdigstilt i 2019. Stillinga er fast i Statens vegvesen, ved prosjektslutt blir personell overført til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.

Statens vegvesen søkjer no byggeleiar til bygging av daganlegg Tasta.

Prosjekt Eiganestunnelen er delt inn i to hovudentreprisar

  • Daganlegg Tasta: dagsone med nye vegar og ny bru mellom tunnelen og Smiene
  • Eiganestunnelen: ny tunnel frå Schancheholen og Madlaveien til nordre utløp av Byhaugtunnelen, med tilhøyrande konstruksjonar og veg i dagen

E39 Eiganestunnelen inneber ny tunnel frå motorvegen til nordre utløp av Byhaugtunnelen, samt ny veg frå Byhaugtunnelen og Eiganestunnelen til Smiene.

Arbeidsoppgåver

  • Rapportering og tett samarbeid med delprosjektleiar for Eiganestunnelen
  • Teknisk og økonomisk oppfølging av kontrakt med entreprenør
  • HMS
  • Arbeidsleiing av kontrollingeniørar (innan veg, konstruksjonar og støytiltak)
  • Tekniske avklåringar
  • Handtering av fråvik, tillegg og endringar
  • Oppfølging av framdrift og kontrollplanar
  • Sluttdokumentasjon

Kvalifikasjonar

Du må ha relevant teknisk utdanning og erfaring. Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er ryddig og strukturert samt har gode evner for samarbeid.

Det er òg viktig med generelt gode datakunnskapar, sidan våre interne system er elektroniske og i hovudsak basert på internett/web-hotel.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr og desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram (for leiarstillingar)
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og tryggerammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidaranes rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har mulegheit for fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar, med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle samfunnet. Vi vil leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den verte godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk jobben her

Kontaktpersonar:

Gunnar Eiterjord

mob: +47 91877089

Vis flere stillinger: