Byggjeleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist17.12.2014

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som byggjeleiar for investeringsprosjekt.

Stillinga inngår i byggherrepoolen i regionen, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Sogn, avd. Sogn og Fjordane, med kontorstad i Leikanger. Seksjonen har om lag 30 tilsette, og har ansvar for små og store investeringsprosjekt, drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegane i Sogn.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta del i prosjektarbeid og utarbeiding av byggjetekniske planar (eit eller fleire prosjekt)
  • Ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • Leie den kvalitetsmessige, kontrakts-/avtalemessige, økonomiske og tekniske kontroll av entreprenøren sitt arbeid
  • Rapportere om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
  • Ansvar for byggjemøte og referat
  • Ansvar for den daglege kontakten med alle offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida
  • Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/HMS-koordinator i byggefasen

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år med relevant fagkrins
  • Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B). Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid må påreknast i periodar
  • Den som blir tilsett må kunne beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg

For søkjarar med utdanning frå 2-årig teknisk fagskule (relevant fagkrins), sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til høgare utdanning fråvikast.

Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje.

Vi legg vekt på:

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktsarbeid
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • God samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • At du aktivt er med og skapar eit triveleg og godt arbeidsmiljø

Vi kan tilby:

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit sterkt fagleg miljø med moglegheit til eigen påverknad og deltaking
  • Gode høve til fagleg utvikling og vidareutdanning, m.a. byggherreskulen
  • Triveleg arbeidsmiljø og gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2% til Statens Pensjonskasse
  • Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter

Statens vegvesen ønskjer mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilretteleggje arbeidstilhøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk her

Kontaktpersonar:

Eivind Yttri

tlf: +47 57655799

mob: +47 90830854