Bøndene Arne Slogvik og Rikard Lysene i samtale med landbruks- og matminister Sylvi Listhaug i Lærdal tirsdag. (Foto: LMD)

Listhaug på synfaring i flomområda i Lærdal og Flåm

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug var tirsdag på synfaring i dei flområka områda i Lærdal og Flåm.

Med på synfaringa er leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren. Dei møter bønder og grunneigarar som er råka av flaumen, representantar for kommunane mv.

- Det er mange i desse områda som har vore utsett for store påkjenningar, sier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

- Det er gjort stor skade på eigedom og livsgrunnlaget for mange. Enkelte har mista både hus og heim. Det er halde fleire møter der dei som er råka har blitt orientert om forsikrings- og erstatningsordningar av kommunane, Norsk naturskadepool, Landbruksdirektoratet og Norges vassdrags- og energidirektorat, og dei ulike etatane er i gang med å følgje opp skadene, seier Listhaug.

- Eg er opptatt av raskast mogleg oppfølging, seier Listhaug. Landbruksdirektoratet vil difor stille midlar til rådigheit slik at det kan oppnemnast ekstra takstlag. Når det føreligg takst, kan søknad om utbetaling av forskot behandlast, seier Sylvi Listhaug.