Vil du vere med å vidareutvikle HMS-området hjå oss?

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedLeikanger, Stavanger, Bergen
Søknadsfrist07.12.2014

Det er ledig stilling som HMS-rådgjevar i HR -og administrasjonsavdelinga. Avdelinga og HMS-rådgjevaren dekkjar heile regionen. Vi ynskjer oss ein driftig og engasjert HMS-rådgjevar som kan vere med å sikre at våre system fungerer og at oppgåvene blir løyste på ein profesjonell måte. Du vil jobbe både med oppfølging og rådgjeving. Stillinga er knytt til HR-Forvaltningsseksjonen.

HR-miljøet er svært opptekne av å vere leveransedyktige, så aktivitetsnivået er høgt. HMS-rådgjevaren si overordna oppgåve er å vere ein aktiv pådrivar for at regionen skal nå sine overordna HMS-mål. Du vil vere regionen sin rådgjevar i høve krava i HMS-forskrifta, og ha ei koordinerande rolle for driftseininga sitt internkontrollsystem. Kontorstad for stillinga er fortrinnsvis Leikanger, alternativ plassering er Stavanger eller Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Oppgåvene er knytte til HMS-forskrift og HMS- kompetansekrav, skadeførebygging og nærværsarbeid, verneteneste, utvalsarbeid, mellom anna:

• Ha oversikt over relevante krav i HMS-forskrifta med tilhøyrande lover og forskrifter

• Ha oversikt over ansvarsfordelinga i regionen i høve HMS-forskrifta

• Koordinere og dokumentere HMS- opplæring i samsvar med interne og eksterne kompetansekrav

• Utarbeide rapportar og trendanalyser knytt til ikkje-ynskje hendingar

• Ha oversikt over driftseininga si kjemikaliehandtering

• Utføre revisjon i tråd med regionen sine behov og bestemmelser

• Utføre risikovurderingar og gje støtte i tilknyting til risikovurderingar

• Bidra til analyser av sjukefråvær og rådgjeving i generelt sjukefråværsarbeid

• Vere kontaktperson for bedriftshelsetenesta; dvs. bestilla og følgje opp bedriftshelseteneste i samsvar med kontrakt og gjeldande krav

• Vere pådrivar for aktuelle HMS-saker mot AMU og evt. HMS-utval

• Samt andre relevante HMS-oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

• Høgare, relevant utdanning, minimum på bachelornivå

• Solid erfaring frå å jobbe med HMS-oppgåver, og gjerne frå ein stor organisasjon

• Evne til å jobbe strukturert og målretta

• God skriftleg og munnleg framstillingsevne

• Evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver

• Evne til å oppnå resultat åleine og saman med andre

• Stor arbeidskraft og gjennomføringsevne

Du er analytisk, systematisk, fleksibel, løysingsorientert, sjølvstendig og effektiv. Ein del reising må du rekna med.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, krev vi av dine papir vert godkjende frå NOKUT ( www.nokut.no).

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Vi kan tilby:

• Spanande arbeidsoppgåver i ein etat i stadig utvikling

• Gode utviklingsmuligheiter i ein stor, landsdekkande organisasjon

• Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

• Medlemskap i ei av dei beste pensjonsordningane i Norge

• Gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse

• Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til pensjonsordning

Statens vegvesen ønskjer mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil leggja til rette arbeidstilhøva dersom du har behov for det. Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Kontaktperson:

Dersom du ønskjer fleire opplysningar, kan du ta kontakt med seksjonsleiar Svein Hoff på telefon 55516455 eller mobil 91847602.

Interesserte sender skriftleg søknad via vår jobbportal innan 7. desember d.å. www.vegvesen.no/jobb