Første del av oppgraderinga av E134 Svandalsflonatunnelen er fullført. No er det elektro-arbeidet som tek til. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Ny etappe på Haukeli

Oppgraderinga av E134 Svandalsflonatunnelen på Haukelifjell er no inne i ein ny fase, med start på elektro-arbeidet om få dagar.

Gjerden Fjellsikring AS har hatt første jobben med mellom anna sprenging, fjellsikring og montering av 9 900 kvadratmeter ny brannsikra vassikring. Arbeidet tok til i juni 2014 og er no fullført til ein pris på kring 27 mill. kroner. Tunnelen er utvida dei plassane der det ikkje var høgde på 4,20 meter. No er det køyreplass på 5,7 meters bredde og 4,2 meters høgde gjennom heile den 1 050 meter lange Svandalsflonatunnelen.

Aventi Technology AS har fått oppdraget med elektro-entreprisen på tunnelen, til ein kontraktsum på 12,8 mill. kroner. Entreprenøren tek sikte på å ta til med jobben i tunnelen i veke 47, og vil halda fram med arbeidet framover mot jul. Det tyder at kolonnekøyringa på gamlevegen forbi tunnelen vil koma i gang att, i den tida det pågår arbeid inne i tunnelen.

Dersom det blir vinterføre på omkøyringsvegen vil kolonna gå gjennom tunnelen.

Entreprenøren kan gjera noko arbeid også med saktegåande kolonne gjennom tunnelen. Arbeid med trekking av kablar og montasje inne i tekniske bygg pågår utanfor vegbana. Men når det til dømes skal monterast nye lysarmaturar i tunneltaket må tunnelen vera stengt for trafikk i periodar, opplyser byggjeleiar Hans Myklatun i Statens vegvesen.

Fristen for fullføring av elektrojobben er 1. juli 2015.