Ill. Statens vegvesen

Slik kan Harestad-krysset bli

Statens vegvesen har laga forslag til reguleringsplan for E39 Harestadkrysset i Bokn i Rogaland. Planen blir no sendt til Randaberg kommune for handsaming.

- Å levere forslaget til reguleringsplan er ein stor milepåle for prosjektet, seier planleggingsleiar Laila Løkken Christensen-Dreyer ttil vegvesen.no.

Harestadkrysset i Randaberg er ein del av E39 Rogfast. Rogfast består av ein 26,7 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Harestad og Laupland i Bokn kommune. Vidare består Rogfast av ein tunnelarm til Kvitsøy, pluss kryss og veg i dagen i Kvitsøy, Bokn og Randaberg.

Målet med Harestadkrysset er å binde saman det lokale vegnettet på Harestad med E39. Planen er å bygge godt 1000 meter firefeltsveg med midtrekkverk gjennom krysset. Det er også lagt opp til eit omfattande gang- og sykkelvegsystem.

­Målet med reguleringsplanen er også å betre trafikktilhøva for kollektivtrafikken, samt betre tilgangen til bustadområder og næringsområder.

Andre funksjonar det er sett av plass til er brannstasjon, landingsplass for beredskapshelikopter, beredskapssenter, teknisk bygg for Rogfast-tunnelen og servicestasjon.