Driftsteknikar marknadsområde nord - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg
FylkeTroms
StedBardufoss
Søknadsfrist24.11.2014

Ved marknadsområde nord er det ledig 2 faste stillingar som Driftsteknikar (kode1136) med arbeidsstad Bardufoss. Stillingane rapporterar til Arenaleiar.

Stilling 1 Elektrikar/atomasjon

Stilling 2 Røyrleggjar/kuldeteknikk

I stillinga som driftsteknikar er du marknadsområdet sitt viktigaste kontaktledd mot leigetakar og brukarar av eigedomen. Du skal syte for at brukarane har tilfredsstillande EBA-løysingar etter deira behov. Oppgåva er å identifisere feil og manglar og ta initiativ til å rette dei opp. Vidare skal du snarast vidareformidle og følgje opp gjennomføringa av førespurnader som du sjølv ikkje kan ta avgjerder om.

Me tilbyr spanande moglegheitar i ei moderne og framtidsretta eigendoms-verksemd for deg som er servicinnstilt og arbeidsam.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgaver

  • Kontakt og dialog om status med avdelinga sine kunder.
  • Oppgåver innan drift og vedlikehold av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar.
  • Følgje opp oppdrag utanfor eige kompetanseområde.
  • Utføre ettersyn og løpande drift av tekniske anlegg (SD, brann mv).
  • Foreta all regelmessig forbruksregistrering innan drift.
  • Følgje opp internkontroll av tekniske anlegg.
  • Følgje opp drifts- og vedlikehaldsoppdrag utført av eksterne leverandørar.
  • Bidra med innspel til drifts- og vedlikeholdsplanar.
  • Instruere/lære opp kunden sin representant og brukarar i bruk av eigedomen og anlegga.
  • Etter avtale delta i hjemmevaktordning.

Kvalifikasjoner

  • 3-årig vidaregående utdanning eller tilsvarande.
  • Fagbrev som elektrikar gr. L eller innan automasjon (stilling 1)
  • Kompetanse og røynsle innan automasjon og styringar vektleggjas (stilling 1)
  • Svennebrev som røyrleggjar eller innan kuldeteknikk (stilling 2)
  • Kompetanse og røynsle innan kuldeteknikk vektleggjas (stilling 2)
  • Grunnleggjande ferdigheiter og interesse for bruk av dataverktøy
  • Røynsle frå drift og vedlikehald av eigedom, bygg og anlegg
  • Gode datakunnskaper
  • Vaktmeisterskule eller tilsvarande er ønskeleg
  • Førarkort klasse. B
  • Du må kunne tryggleiksklarerast for nivået hemmeleg

Utdanningsretning

  • Håndtverksfag

Utdanningsnivå

  • Videregående skole

Personlige egenskaper

  • Utadvent og motivert
  • Ryddig og representativ adferd
  • Strukturert og målbevisst
  • Sjølvstendig
  • Samarbeidsvillig
  • Fleksibel og tilpasningsdyktig
  • Det vil bli lagt særleg vekt på at personen er eigna til stillinga

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Løn som driftsteknikar (kode 1136) i Statens lønsregulativ
  • Utfordrande jobb i ei dynamisk verksemd
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar

Søk her

Kontaktinfo: Anita Røsvik, Arenaleder (+47) 489 51 988


Vis flere stillinger: