Fagingeniør VVS - Forsvarsbygg utleie

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg
FylkeNordland
StedRamsund evt Trondenes
Søknadsfrist30.11.2014

I marknadsområde Hålogaland er det ledig stilling som prosjektleiar på vedlikehaldsprosjekt på bygg og infrastruktur. Marknadsområdet inneheld områda Andenes, Sortland, Harstad, Ramsund, Evenes, Bjerkvik, Vesterålen, Lofoten, Helgeland og Bodø.

Hovudfokuset til marknadsområdet er inngåing, etablering og oppfølging av leigekontraktar med militære og sivile leigetakarar for maksimal utleige av bygningsmassen i regionen, under dette ivaretaking av forvaltning, drifts-, vedlikehalds- og utviklingsoppgåver (FDVU) slik dei er avtalte med leigetakar og eigar. Utleigeservice har ansvaret for eit lønsamt utleigeresultat i marknadsområdet, under dette ivaretaking av eigarrelaterte husleigepliktar og forvaltningsoppgåver.

Stillinga rapporterer til leiar av prosjektavdelinga i Marknadsområde Hålogaland Utleigeservice. Det må reknast med prosjekt over heile marknadsområdet.

Arbeidsstad: Trondenes eller Ramsund

Forsvarsbygg har sett oss som mål at arbeidsmiljøet vårt skal vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet hjå dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom personleg og fagleg kompetanse.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • leie vedlikehaldsoppdrag og utviklingsprosjekt
  • gjennomføre tilstandsvurderingar i høve til fastsett plan
  • vere med i investeringsprosjekt og ved livssyklusutrekning av husleige
  • yte fagleg rådgjeving innan eige fagområde
  • sjå til at internkontroll blir gjort i høve til HMS-reglementet
  • utarbeide skildringar og underlag for bestilling
  • ivareta overordna krav og vere med på å få til tilfredsstillande miljøsatsing for faget
  • vere fagleg bidragsytar i fagfora og fagsamlingar

Ansvarsområder:

  • ansvarleg for internkontroll i marknadsområdet innan fagområdet
  • kontaktperson for marknadsområdet mot sentralt ledd innan faget
  • planleggje, leie og organisere vedlikehald av bygningstekniske anlegg i høve til gjeldande lover og forskrifter
  • ansvarleg for at regelverket til plan- og bygningsetaten blir halde med omsyn til VVS

Kvalifikasjonar

  • treårig ingeniørhøgskole eller tilsvarande
  • gode datakunnskapar innan prosjektstyring og prosjektleiing
  • erfaring med prosjektleiing innan EBA
  • førarkort kl. B
  • må kunne tryggingsklarerast for nivået hemmeleg

Utdanningsnivå

  • Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar

  • strukturert og nøyaktig
  • god samarbeidsevne
  • kundeorientert og serviceinnstilt
  • gode kommunikasjonsevne

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • løn som overingeniør (kode 1087) etter lønsregulativet til staten
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • bedriftshelseteneste

Søk stillingen her

Kontaktinfo: Åse Rigmor Pedersen, Leiar utleieservice (+47) 909 67 150

Vis flere stillinger: