Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Flere fylker |
Sted | Bergen / Leikanger |
Søknadsfrist | 23.11.2014 |
Vi søkjer geoteknikar til vår Geo- og skredseksjon ved Ressursavdelinga i Region vest. Seksjonen har 27 medarbeidarar, derav 7 geoteknikar og 2 grunnboringslag og vi løyser oppgåver i fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.
Seksjonen har m.a ansvar for å utføre geotekniske grunnundersøkingar med bruk av eigne borriggar, samt geologisk og geoteknisk prosjektering og rådgjeving. Våre geologar er etaten sine spesialistar innanfor skred og skredsikring.
Arbeidsoppgåver
Du skal drive geoteknisk prosjektering knytt til vegar, tunnelar og bruer, både i plan-, utførelses- og driftsfasen. Du styrer prosessen sjølv og trekker inn andre sin kompetanse der det trengs. Aktuelle oppgåver vil vere:
- Stabilitet, setningar og oppbygging av vegfyllingar
- Stabilitet og sikringstiltak for vegskjeringar
- Fundamentering av konstruksjonar
- Dimensjonering av tørrmurar
- Peleberekningar
- Planlegge og følgje opp geotekniske undersøkingar
- Anleggskontroll
- Oppfølging av privat konsulent innanfor fagområdet geoteknikk
Kvalifikasjonar
Du har utdanning frå universitet eller høgskule, på hovudfags- eller mastergradsnivå innan det aktuelle fagområdet. God relevant erfaring og geoteknisk kompetanse er ønskjeleg, men nyutdanna kan og søke.
Du har generelt gode datakunnskapar og god erfaring frå bruk av ulike dataverktøy. Arbeidsspråket er norsk, så det vil bli stilt krav om god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk. Det er naudsynt med førarkort i klasse B.
For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Personlege eigenskapar
- Initiativrik, samfunnsengasjert og resultatorientert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til og motivert for å arbeide i større faggrupper
- Gode evner til å jobbe sjølvstendig og strukturert
Stort engasjement, god struktur og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø, som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar innan fagfeltet ditt.
Me gjev deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og me treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande og utfordrande arbeidskvardagar, men med god balanse mellom arbeid og fritid.
Me tilbyr desse goda
- Introduksjonsprogram og fadderordning
- Fleksitid og gode ordningar for avspasering
- Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- Etatsskular og gode høve til fagleg påfyll
Lønn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.
Statens vegvesen ønskjer mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilretteleggje arbeidstilhøva dersom du har behov for det.
Me gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjord sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.
Kontaktpersonar:
Stein Olav Njøs
tlf: +47 57655896
mob: +47 95191855
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Bergen / Leikanger
- Fylke Flere fylker