F.v. prosjektleiar Marianne Nærø og Laurent Lacavalerie, driftssjef i Christie & Opsahl AS.

Christie & Opsahl AS skal bygge ny ferjekai på Stranda

Statens vegvesen har skrive kontrakt med Christie & Opsahl AS om bygging av ny ferjekai på fv.60 Stranda.

Kontrakten er på 36 020 651 kr og omfattar riving av den eksisterande kaia og bygging av ny ferjekai på om lag same stad.

- No går byggherre og entreprenør i gong med ein samhandlingsfase, kor ein blir kjend, etablerer rutinar og gjennomgår prosjektet for å få ei felles forståing. Eg ser fram til eit godt og konstruktivt samarbeid med entreprenøren, seiar prosjektleiar Marianne Nærø.

Vegvesenet planlegg byggestart i januar, og målet er at den nye ferjekaia skal stå ferdig desember neste år.

Før gamlekaia blir riven blir det montert ei mobil ferjekai som skal stå i heile anleggsperioden. Da blir oppstillingsareal og køyremønster endra. Når den mobile kaia er på plass og i drift, blir gamlekaia riven.

Den mobile ferjelemmen er smal og trafikantane må være ekstra merksame når dei køyrer av og på ferja. Vegvesenet vil halde eit opent informasjonsmøte på Stranda i månadsskiftet november-desember.