Firma | Forsvarsbygg |
Fylke | Oppland |
Sted | Jørstadmoen |
Søknadsfrist | 23.11.2014 |
Forsvarsbygg treng å styrke driftsavdelinga si i marknadsområde Østlandet. Vi søkjer difor etter serviceansvarleg driftsteknikarar til Jørstadmoen.
I stillinga som driftsteknikar er du marknadsområdet sitt viktigaste kontaktledd mot leigetakar og brukarar av eigedomen. Du skal syte for at brukarane har tilfredsstillande EBA-løysingar etter deira behov. Oppgåva er å identifisere feil og manglar og ta initiativ til å rette dei opp. Vidare skal du snarast vidareformidle og følgje opp gjennomføringa av førespurnader som du sjølv ikkje kan ta avgjerder om.
Me tilbyr spanande moglegheitar i ei moderne og framtidsretta eigendoms-verksemd for deg som er servicinnstilt og arbeidsam.
Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.
Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgaver
- Å sjå til at den tildelte delen av bygg- og anleggsmassen innan marknadsområdet til ei kvar tid fungerar etter lover og forskrifter og som avtalt i leigeavtale ved overlevering.
- Ansvar for at leigetakar og brukar har ei oppleving av at alle henvendingar om eigedomane sin avtalte funksjon og tilstand vert ubyråkratisk fylgd opp og løyst.
- Iverksette og løyse fortløpande driftsoppgåver som førebyggjer klager på bygg og anleggsmassen sin tilstand og funksjonalitet.
- I samarbeid med kundens representant i eigedomen (bygget m.v.), er du ansvarleg for å delta i informasjons- og opplæringsaktivitetar som skal sikre at brukaren ter seg slik at anleggas funksjonalitet vert ivareteken til lågast mogeleg driftskostnad.
- Innan eigen kompetanse sjølv eller i samarbeid med andre, utføre oppgåver innan drift og vedlikehald av bygg, anlegg og tekniske installasjonar.
- Formidle og følgje opp oppdrag utanfor eige kompetanseområde.
- Følgje opp tildelte arbeidsordre.
- Utføre ettersyn og løpande drift av tildelt EBA med tekniske anlegg (SD, brann m.v.).
- Føreta all regelmessig registrering av forbruk innan drift.
- Følgje opp internkontroll av tekniske anlegg.
- Følgje opp drifts- og vedlikehaldsoppdrag utført av eksterne leverandørar.
- Bidra med innspel til drifts- og vedlikeholdsplanar.
- Instruere/lære opp kunden sin representant og brukarar i bruk av eigedomen og anlegga.
- Etter avtale delta i hjemmevaktordning
- Formidle kunden sitt behov for vertskapstenester og utføre/følgje opp tenesta etter avtale.
- Delta i tverrfagleg samarbeid i marknadsområdet.
Kvalifikasjoner
- 3-årig vidaregående utdanning eller tilsvarande.
- Fagbrev innan relevant fagfelt (primært elektro, VVS, automasjon e.l.)
- Grunnleggjande ferdigheiter og interesse for bruk av dataverktøy.
- Røynsle frå drift og vedlikehald av eigedom, bygg og anlegg.
- Gode datakunnskaper
- Ønskeleg med røynsle innen bruk og oppfølging av drift styringssystemer
- Vaktmeisterskule eller tilsvarande er ønskeleg
- Førarkort klasse. B
- Du må kunne tryggleiksklarerast for nivået hemmeleg
Utdanningsretning
- Bygg og anlegg
Utdanningsnivå
- Fagskole / fagbrev (2 år)
Personlige egenskaper
- Utadvent og motivert
- Ryddig og representativ adferd
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn som driftsteknikar (kode 1136) i Statens lønsregulativ
- Fleksibel arbeidstid
- Utfordrande jobb i ei dynamisk verksemd
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Gode velferdsordningar
- Gunstige boliglån i Statens Pensjonskasse
- Gode mogligheiter for økonomisk stønad til kompetanseutvikling
Kontaktinfo: Thomas Faller, Leiar Driftsservice (+47) 404 47 074
Oddbjørn Hagen, Stabsleiar (+47) 414 76 623
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Forsvarsbygg, Jørstadmoen
- Fylke Oppland