Driftsteknikar/elektrikar, Sortland - Forsvarsbygg utleie

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.


FirmaForsvarsbygg
FylkeNordland
StedSortland
Søknadsfrist13.11.2014

Ved Marknadsområde nord er det ledig ei fast stilling som driftsteknikar/elektrikar gr. L i marknadsområde Hålogaland, arbeidsstad Trondenes. I stillinga som driftsteknikar er du marknadsområdet sitt viktigaste kontaktledd mot leigetakaren sine brukarar av eigedomar. Du skal syte for at brukarane har tilfredsstillande EBA-løysingar etter sine behov. Du skal uoppmoda identifisere feil og manglar og ta initiativ til å rette dei opp, og vidareformidle og følgje opp gjennomføringa.

Arbeidsstad: Sortland

Forsvarsbygg har sett oss som mål at arbeidsmiljøet vårt skal vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet hjå dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom personleg og fagleg kompetanse.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • vere i løpande kontakt med kunden og brukarar av bygg- og eigedomsmassen
  • oppgåver innan drift og vedlikehald av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar både åleine og saman med andre
  • formidle og følgje opp oppdrag utanfor eige ansvarsområde
  • følgje opp tildelte arbeidsordrar
  • gjere all regelbunden forbruksregistrering innan drift
  • følgje opp internkontroll av tekniske anlegg
  • følgje opp drifts- og vedlikehaldsoppdrag som blir utførte av eksterne leverandørar
  • gje innspel til drifts- og vedlikehaldsplanar
  • lære opp kunden og brukarar i bruken av eigedomen og anlegga
  • formidle kunden sine behov for vertskapstenester og følgje opp tenestene etter avtale
  • delta i tverrfagleg samarbeid på marknadsområdet
  • Alle driftsteknikarar kan påleggjast å arbeide ved andre avdelingar i marknadsområdet innanfor den einskilde sitt kompetanseområde etter instruks frå Leiar Driftsservice.

Kvalifikasjonar

  • fagbrev i elektrikarfaget (elektrikar/elektromontør gr. L)
  • relevant røynsle frå arbeidsområdet og elektrobransjen
  • førarkort kl. B
  • viljug til å ta kurs/opplæring dersom det trengst
  • må kunne tryggleiksklarerast for nivået hemmeleg

Ynskjeleg røynsle:

  • røynsle med signaltekniske anlegg og kommunikasjons-, alarm- og overvakingsanlegg
  • EX grunnleggjande, drift og vedlikehald av reservekraftanlegg
  • bruk av PC som verkty
  • kurs i liftbruk og varme arbeid
  • kjennskap til våtromsnorma
  • kjennskap til VVS-tekniske anlegg
  • kjennskap til naud- og reservekraftanlegg

Utdanningsretning

  • Elektronikk/elektro/telekommunikasjon

Utdanningsnivå

  • Fagskule/fagbrev (to år)

Personlege eigenskapar

  • nøyaktig
  • samarbeidsviljug
  • kundeorientert
  • sjølvstendig
  • fleksibel
  • ansvarsmedviten
  • omgjengeleg og motivert
  • ryddig og representativ åtferd

Det vil bli lagt særleg vekt på personlege eigenskapar og at personen er eigna til stillinga.

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • løn som driftsteknikar (kode 1136) etter lønsregulativet til staten
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • bedriftshelseteneste

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Søk her

Kontaktinfo: Martin Fagermo, Stabsleiar (+47) 41 57 54 13

Vis flere stillinger: