Steinblokker sprengt i Suldal

Riksveg 13 mellom Suldalsporten og Helganes blir stengt til over helga. Fortsatt er det laust fjell som må sikrast.

– To geologar har undersøkt fjellet og dei seier at det må sikrast med ein god del boltar før vi kan opne vegen igjen, fortel byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.

Fire klatrarar skal arbeide heile helga med å sikre fjellsida, melder vegvesen.no.

– Akkurat nå held vi på å skaffe utstyret som trengs. Klatrarane startar opp så snart det er klart, seier Stange.

Riksveg 13 har vore stengt ved Suldalsporten sidan tysdag etter eit ras. Lause steinmassar i fjellet vart sprengt bort torsdag. No må delar av fjellet sikrast med boltar.

– Først over helga veit vi meir om når vi kan opne vegen, seier Stange.