Energimontør til marknadsområde Vest (Bergen) - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist19.10.2014

Forsyningsservice har direkte ansvar for forsyningstenesta innan marknadsområdet og at den vert løyst innan fastsette rammer, målsettingar, lover og reglar.

Forsvarsbygg sine energimontørar har ansvar for dagleg drift og vedlikehald av 22 kV forsyningsanlegg og lågspenningsanlegg på Haakonsvern.

Som energimontør inngår du i etablert vaktordning, etter avtale.

Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ønskjer derfor ei verksemd der tilsette sin alder, kjønn og etnisitet er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på våre karrieresider www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • utføre drift og vedlikehald (FDV) på avdelinga sitt høgspenningsanlegg og lågspenningsinstallasjonar med omsyn til forskrift om elektroføretak og kvalifikasjonskrav for arbeid knytta til elektriske anlegg og elektrisk utstyr (fke)
  • stø kundar på førespurnad om inn- og utkopling av fartøy
  • ivareta fortløpande kontakt og dialog om status med kunden sine representantar og brukarar i EBA-massen. Oppfølging av inngåtte kontraktar og forpliktingar mot kundar
  • formidle kunden sine behov for tilleggstenester og utføre/følgje opp tenestane etter avtale
  • følgje opp tildelte arbeidsordre
  • følgje opp internkontroll av tekniske anlegg
  • utføre FDV på simulatoranlegg etter inngåtte kontraktar med Forsvaret
  • følgje opp drifts,- og vedlikehaldsoppdrag utført av innleigde firma
  • hjelpe til med årlege innspel til planverk av drift og vedlikehald
  • utføre feilsøking og reparasjon, kommunisere oppdrag mot kundar
  • utføre installasjon av elektriske anlegg innan marknadsområdet
  • etter avtale, inngå i etablert vaktordning
  • oppdatere seg på lover, forskrifter og offentlege pålegg innan fagområdet
  • sjå til at HMS/IK-rutinar vert følgd under utføring av arbeidet
  • hjelpe kundar etter førespurnad
  • generell utføring av arbeidsoppgåver innan fagområdet

Kvalifikasjonar

  • energimontør eller montørsertifikat gr. A; ønskjeleg også med elektrikerpapir gr. L
  • erfaring frå elektrisitetsverk eller større industriverksemd med høgspenningsanlegg, samt installasjon for lågspenningsanlegg.
  • førarkort kl B
  • krav til tenesteerfaring:
  • fagteneste med omsyn til sertifikatkrav
  • fagteneste frå høgspenningsanlegg
  • Det vert krevd sikkerheitsklarering

Utdanningsretning

  • Elektronikk/elektro/telekommunikasjon
  • Bygg og anlegg

Utdanningsnivå

  • Vidaregåande skule

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidsevner.
  • serviceinnstilt og kundeorientert

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • løn som driftsleiar (kode 1137) i Statens lønsregulativ
  • utfordrande jobb i ei dynamisk verksemd
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • bedriftshelseteneste

Andre opplysningar

Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Søk stillingen her

Kontaktinfo:

Monica Øvrebø Grini - Sakkyndig driftsleder - (+47) 926 91 336


Vis flere stillinger: