Forhandlingsansvarleg - Forsvarsbygg kampflybase

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som ei vidareutdanning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg
FylkeOslo
Søknadsfristsnarest

Forsvarsbygg kampflybase er byggherre for etableringa av ny kampflybase i Noreg. Prosjektet skal koordinere og leie all aktivitet i samband med planlegging og etablering for forsvarssektoren og i høve til alle relevante styresmakter og samfunnet for øvrig.

Vi skal ansette forhandlingsansvarleg som skal planleggje å gjennomføre forhandlingsprosessar med dei berørte grunneigerane ved etableringa av kampflybasen ved Ørland og framskoten base på Evenes.

Forhandlingsansvarleg rapporterar p.t til eigedomssjef for Forsvarsbygg kampflybase.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • ansvarleg for forhandlingar med grunneigarane
  • planleggje, styre og delta i forhandlingsprosessar
  • rådgjevning
  • relasjonskontakt
  • planleggje og budsjettere
  • delta på møter med myndigheitene, grunneigarar og andre interessentar
  • personalleiing

Ein må rekne med reising.

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen/master i rettsvitenskap
  • røynsle frå større og /eller komplekse forhandlingar
  • det er ynskjeleg med erfaring frå prosjektorganisert verksemd, helst frå større offentlege byggeprosjekt og forsvarsrelatert byggeverksemd
  • noko leiarerfaring
  • stillinga krev tryggleiksklarering for nivå Hemmeleg

Utdanningsretning

  • Juridiske fag

Personlege eigenskapar

  • strategisk
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • samarbeidsevner
  • ryddig og strukturert
  • påverkningsevner
  • det vil bli lagt særleg vekt på at personen er eigna til stillinga

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • løn som seniorrådgjevar (kode 1364) etter lønsregulativet til staten
  • meiningsfylt jobb med eit heilheitleg samfunnsperspektiv
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, og såleis ei god bustadlånsordning og gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • gode velferdsordningar
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Søk stilling

Kontaktinfo: Olaf Dobloug - Direktør - (+47) 906 97 510

Vis flere stillinger: