Vi søkjer kontrollingeniør i Sunnhordland

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBømlo eller Stord
Søknadsfrist10.10.2014

Statens vegvesen Region vest har ledig stilling som kontrollingeniør for investeringsprosjekt ved Vegseksjon Nord-, Midt- og Sunnhordland.

Som kontrollingeniør er du med på å sikre at byggjeprosjekta held avtalt kvalitet. Du vil vere ein del av byggeleiinga i prosjekta og vere ei støtte for byggeleiar.

Det vil framover vere størst aktivitet på prosjekt i Bømlopakken og på strekninga Boravik-Jektevik-Sandvikvåg. Desse prosjekta utgjer difor hovudtyngen av utbygginga i Sunnhordland, men i tillegg blir det ein del mindre utbyggingsprosjekt i området. Du vil i første omgang bli knytt til prosjekt i Bømlopakken med kontorstad anten på Bømlo eller Stord. Stillinga er knytt til den regionale byggherrepoolen.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av HMS arbeidet ute på anlegg
  • Kontakt og oppfølging av entreprenør
  • Utarbeide kontrollplanar Utføre kvalitets- og kostnadskontroll
  • Kontroll av dokumentasjon og målbrev

Vi søker etter deg som har fagkunnskap og teknisk innsikt innan fagområdet veg, og som trives på anleggsområdet, Du må vere målretta, kreativ og ha evne til å jobbe systematisk. God kontakt og godt samarbeid med entreprenør og konsulentar er heilt avgjerande, og gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, er difor viktig.

Kvalifikasjonskrav

Kanskje har du allereie har jobba på anleggsprosjekt, men også anna erfaring frå liknande prosjekt kan vere relevant. Om du er nyutdanna utan erfaring så ynskjer vi også at du søkjer.

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis og etterutdanning , samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan dette kompensere for manglande formell utdanning. Vi krev førarkort for bil (klasse B).

Dersom du har teke heile eller deler av utdanning i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetting av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokout.no)

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk stillinga her

Kontaktpersonar:

Gunhild Vangsnes

tlf: +47 55516834

mob: +47 95088609