Arkivfoto

Forlik på 75 millionar for Dalsfjordprosjektet

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Statens vegvesen Region vest og NCC har inngått eit forlik om oppgjer for uløyste krav etter bygginga av Dalsfjordsambandet i Fjaler og Askvoll kommunar.

Forliket vart godkjend av eit samrøystes fylkesting i ekstraordinært møte 23. september. Oppgjeret omfattar alle krav NCC har fremma mot vegeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune som følgje av prosjektet

fv. 57 / fv. 609, også dei krava som er til handsaming i ankesak i Gulating lagmannsrett. Sogn og Fjordane fylkeskommune betalar eit sluttoppgjer til NCC på 75 mill. kr. Begge partar har strekt seg langt for å kome fram til ei løysing, og ein unngår no å bruke ressursar på vidare rundar i retten.

Forliket gjer at Dalsfjordprosjektet går mot avslutning. Prosjektet vil etter forliket få ein total kostnad på 1302 mill. kr. Dette er 39 mill. kr., eller 3 prosent, meir enn opphavleg kostnadsoverslag. Ved oppstart sette fylkeskommunen av 10 prosent av kostnadsoverslaget til eit avviksfond – altså eit langt høgre beløp enn det som no er nytta.

– Vi er svært nøgde med at alle kontraktane i Dalsfjordsambandet no går mot ei sluttføring. Det at vi har klart å sluttføre dei tre store viktige fylkesvegprosjekta Bremangersambandet, Dalsfjordsambandet og første del av fv. 60 Olden – Innvik til rett tid og innafor dei kostnadsrammene som var føresett, er vi glade for, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.