Ill. Statens vegvesen

Vegvesenet venter på KOFA i anbodsprosessen om Sømmevågen

Den juridiske vurderinga av klagene i anbodsprosessen i Sømmevågen pågår framleis. Statens vegvesen håpar på tilråding neste veke.

Då tilboda på bygging av Sømmevågen-prosjektet på Jæren kom inn i mai, avviste Statens vegvesen tre av fire tilbod på grunn av manglande dokumentasjon. Tre av tilbydarane har klaga.

– Vi venter på eit svar frå klagenemda for offentlige anskaffelser (KOFA), seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Odd-Magnar Nerland til vegvesen.no.

Meininga var å starte byggearbeid i Sømmevågen i midten av august. På grunn av usemje i anbodsprossessen står maskinene framleis stille.

– I løpet av neste veke håpar vi å ha ei tilråding frå KOFA. Vi skal ta stilling til tilrådinga så raskt som mogleg, og treffe ein konklusjon for den vidare prosessen, seier prosjektleiaren.

Nerland meiner framleis at alt arbeid i Sømmevågen og på Flyplassvegen skal vere ferdig sommaren 2017.