Bruplanleggjarar Fjordkryssingsprosjektet

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedStavanger / Leikanger evt. Bergen
Søknadsfrist05.10.2014

VIL DU VÆRE MED PÅ NOREGS MEST GRENSESPRENGJANDE BRUPROSJEKT?

FJORDKRYSSINGSPROSJEKTET Ferjefri E39

Fjordkryssingsprosjektet i Statens vegvesen, Region vest, søker etter bruplanleggjarar til å jobbe med banebrytande arbeid på dei mest ekstreme fjordkryssingane i vegprosjektet Ferjefri E39 . Du vil få høve til å samarbeide med fagfolk frå hele landet, og utvikle din fagkompetanse.

Fjordkryssingsprosjektet skal vurdere dei teknologiske utfordingane vi står overfor ved ferjefri fjordkryssing, og korleis disse utfordingane kan løysast med ulike typar bruer. Det er i første omgang snakk om utvikling av forskjellige røyrbru og flytebrukonsept for kryssing av Bjørnafjorden, men og dei andre fjordane langs E39 står for tur etter kvart.

Stillingane er knytt til Fjordkryssingsprosjektet, som er underlagt Prosjektavdelinga i Region vest, og du vil arbeide saman med Bruseksjonen i Region vest, samt bruseksjonane i Vegdirektoratet, Region midt, Region øst og Region sør. På prosjektet jobbar det per i dag om lag 15 personar, derav 7 på full tid. Av desse er 4 i Stavanger og 1 i Leikanger.

Vi ynskjer totalt 4 nye medarbeidar på prosjektet i Region vest.

Aktuelle arbeidsstader er hovudsakelig Stavanger og Leikanger, men Bergen kan og vera aktuell dersom du er svært erfaren og arbeidar godt sjølvstendig. Ønskje om kontorstad må difor oppgjevast.

Reiseverksemd i samband med møter, arbeidsgrupper og konferansar må påreknas.

Dei 4 stillingane vil ha fokus på følgjande fire fagfelt, der kvar stilling er knytt til eitt fagfelt.

  • Røyrbru
  • Tradisjonell flytebru
  • Flytebru fundamentert på Tension leg platforms
  • Drift og vedlikehald

Viktige arbeidsoppgåver vil vere

  • Oppgåver ifm prosjektet Fjordkryssingar
  • Utvikling av brukonsept for Bjørnefjorden
  • Oppfølging av forskningsarbeid ved NTNU, UiS og andre
  • Utarbeiding og oppfølging av konsulentoppdrag
  • Være med og utvikle strategiar for vidare arbeid
  • Spreiing av ny kunnskap til resten av organisasjonen

Kvalifikasjonskrav for stillingane

  • Eksamen frå universitet eller høgskule med relevant linje- og fagkombinasjon, for eksempel konstruksjonsteknikk eller mariningeniør (naval architect)
  • Fortrinnsvis utdanning med mastergrad eller høgare, men bachelorutdanning vil òg bli vurdert
  • Ønskjeleg med erfaring i bruk av DAK-verktøy som AutoCAD/NovaPOINT, analyseprogram for bruer og flytande og faste marine konstruksjonar, samt generelle program som Excel og Word
  • Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig, strukturert og ha stå-på-vilje for å få gjennomført oppgåvene
  • Erfaring med prosjektering av konstruksjonar utsatt for dynamiske påkjenningar frå marine miljø er føretrekt
  • God skriftleg og munnleg førestellingsevne på engelsk
  • Det er og ønskeleg med gode norskkunnskaper

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr og desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram (for leiarstillingar)
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og tryggerammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidaranes rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har mulegheit for fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar, med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den verte godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk stilling

Kontaktpersonar:

Mathias Egeland Eidem

mob: 92213446