Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Rogaland |
Sted | Stavanger |
Søknadsfrist | 05.10.2014 |
I Statens vegvesen Region vest er det ledig 1 – 2 stillingar som byggjeleiar for investeringsprosjekt.
Stillinga inngår i byggherrepoolen i regionen, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Stavanger, avd. Rogaland, med kontorstad i Stavanger/ Egersund. Seksjonen har om lag 45 tilsette, og har ansvar for små og store investeringsprosjekt, vedlikehald av riks- og fylkesvegane i heile Sør-Rogaland og delar av Ryfylke.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i prosjektarbeid og utarbeiding av byggetekniske planar (eit eller fleire prosjekt)
- Ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
- Leia den kvalitetsmessige, kontrakts-/ avtalemessige, økonomiske og tekniske kontroll av entreprenørens arbeid
- Rapportera om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
- Ansvar for byggemøte og referat
- Ansvar for den daglege kontakt med alle offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida
- Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/ HMS-koordinator i byggefasen
- Anna forefallande arbeid
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år med relevant fagkrins
- Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B). Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknast
- Den som blir tilsett må kunne beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg
- For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, gode personlege føresetnader for stillinga, samt utdanning frå 2-årig teknisk fagskule (relevant fagkrins), kan kravet til høgare utdanning fråvikast.
Vi vektlegg
- Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
- Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktarbeid
- Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- God samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
- At du aktivt er med å skape et triveleg og godt arbeidsmiljø
Vi kan tilby
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagleg miljø med moglegheit til eigen påverknad og deltaking
- Gode høve til fagleg utvikling og vidareutdanning, m.a. byggherreskulen
- Triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2 % til Statens Pensjonskasse
- Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter
Ein god og mangfaldig arbeidsplass
Vegseksjon Stavanger, avd. Rogaland står framfor mange spennande utfordringar i tida framover, og det vil vere gode moglegheiter for den som vert med på laget vårt. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi set pris på arbeidsglede, godt humør og openheit.
Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av klare og trygge rammer for våre medarbeidarar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss, og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ynskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.
Søknad
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må ho godkjennast av NOKUT ( www.nokut.no).
Kontaktpersonar:
Leif Lindefjeld
tlf: 51911412
mob: 41566989
Øivind Kommedal
tlf: 51911398
mob: 95759497
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Stavanger
- Fylke Rogaland