Firma | Husbanken |
Fylke | Hordaland |
Sted | Bergen |
Søknadsfrist | 30.09.2014 |
Region vest omfattar fylka Sogn- og Fjordane, Hordaland og Rogaland, og vi held til i moderne lokalar i Solheimsviken i Bergen. Vi er 44 medarbeidarar og jobbar tett saman i eit tverrfagleg miljø.
Husbanken er ei andrelinjeteneste med tett kontakt mot kommunar, andre statlege etatar, byggjebransjen, kompetansemiljø, interesseorganisasjonar og andre relevante organisasjonar. Arbeidet ved regionkontoret er organisert i seksjonar, men dei ulike fagmiljøa jobbar tverrfagleg, både internt ved kontoret og i heile Husbanken, for å oppnå best mogleg resultat. Det er også tett kontakt med Husbanken sentralt.
Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå balansert alders- og kjønsamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Husbanken er ein IA-bedrift, og det vil bli tilrettelagt for søkjarar med nedsett funksjonsevne.
Arbeidsoppgåver
Husbankens skal tilsetje ein ny medarbeidar med byggfagleg kompetanse. Husbanken har eit breidt spekter av oppdrag i norsk bustadpolitikk og forvaltar ulike lån og tilskot, mellom anna investeringstilskot til sjukehiemar og omsorgsbustadar, tilskot til utleigeboligar for vanskelegstilte grupper og lån til utbetring og nybygging. Vi vektlegg god bustadkvalitet som universell utforming, miljø- og energivenlege bustader samt god byggeskikk. Ein viktig del av Husbanken sitt arbeid er samhandling og dialog med kommunar, byggebransje og kompetansemiljø innan dei nemde områda.
Vi søkjer etter ein person som først og fremst skal jobbe med sjukeheimar og utleigeboligar. Vidare kunne gje fagleg råd og veidledning, samt bidra til gode prosjekt som ivaretek brukargruppene sitt behov. Utbedring av eksisterande bustadar og nybygg, kan og vera aktuelle arbeidsområde.
Kvalifikasjonar
Relevant utdaning på masternivå
Relevant erfaring og praksis innan det byggfaglege feltet, er ynskjeleg
Utdanningsnivå
Høgskule/universitet
Personlege eigenskapar
God vurderingsevne
Kunne ivareta heilskapleg tenking
Gode samarbeidsevne
Interessert i bustadspørsmål
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar innan eit spanande fagfelt med høve for fagleg utvikling
Fleksitidsordning og fleksible arbeidstidløysingar
Stillinga blir løna som 1434 rådgjevar i lønstrinn 52 – 60 eller som 1364 seniorrådgjevar, lønstrinn 61 - 75. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Arbeidssted:
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Kontaktinfo:
Kari Fotland, Avdelingsdirektør, 55306642 / 41108088
Mabel Johansen, Regiondirektør, 55306606 / 91132109