Byggeleiar Banestraumforsyning - BYBANEN UTBYGGING

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

FirmaBybanen Bergen - Hordaland fylkeskommune
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist21.09.2014

Med Bybanen vil Bergen få eit kollektivt transportmiddel på skinner til Flesland, Åsane og Bergen vest. Bybanen skal være ryggraden i framtidas kollektivsystem i Bergen og er eit av dei to største enkeltprosjekta i Bergensprogrammet. Bybanen Utbygging har ansvar for prosjektering og bygging av Bybanen i Bergen. Vi har levert to byggesteg på planlagt tid og budsjett. Byggesteg tre frå Lagunen til Flesland vert bygd no, og ein har byrja å planlegge byggesteg fire mot Åsane .

Bygginga av Bybanen inkluderer fleire elektrodisiplinar som spenner frå høgspentanlegg til telekommunikasjon.

Til dette fagmiljøet søkjer vi ein ny medarbeidar.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil få ansvar for Banestraumforsyningsanlegget, som består av høgspent, likerettar og kontaktledningsanlegg. Du vil og vere ein del av fagmiljøet som følgjer opp dei andre elektro disiplinane. Du vil i det daglege følgje opp prosjektering, grensesnitt med andre system/fagfelt, bygging og testing/idriftsetting.
  • I stillinga rapporterer du til prosjektleiar Elektro og Mekanisk.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein person som ønskjer å utvide horisonten og som vil vere med og leie arbeidet med å utvikle Bybanen. Du bør ha erfaring innan eit eller fleire av fagområda energiforsyning, kontaktledningsanlegg, høgspentanlegg eller elektro, gjerne med særskild kunnskap innan eit eller fleire av områda.
  • Du har utdanning som ingeniør/siv.ing elektro, alternativt teknisk fagskole med lengre erfaring eller tilsvarande. Vidare er du vand med å leia prosjekt. Spisskompetanse innan eit eller fleire fagområde vil vera ein fordel, men ikkje eit krav. Grundig opplæring vil bli gjennomført for rett kandidat. Du må beherske engelsk som arbeidsspråk i høve til utanlandske kontraktørar.

Utdanningsretning

  • Elektrofag
  • Utdanningstittel: Sivilingeniør/Ingeniør/Teknisk fagskole

Utdanningsnivå

  • Fagskule (2 år)
  • Høgskule/universitet (180 sp, 3 år)
  • Høgskule/universitet, Sivilingeniør

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, strukturert og ryddig
  • Beslutningsdyktig
  • Evne til samarbeid.
  • Engasjert.
  • Fagleg dyktig

Vi tilbyr

  • Mange nye utfordringar, fagleg utvikling og moglegheit til å vere med og utvikle Bybanen. Du blir ein del av ein Byggherreorganisasjon med eit engasjerande og sterkt fagleg miljø innan eit vidt spekter av fagdisiplinar som t.d. elektro, mekanikk, trafikk, grunnarbeid, konstruksjonar og arkitektur.
  • Lønn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid

Søk her

Kontaktinfo: Torbjørn Søderholm, prosjektleiar 920 29 452

Trygve Slåke, utbyggingssjef 91808390