Prosjektleiarar i region sør - Forsvarsbygg utvikling

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg
FylkeFlere fylker
StedBergen / Stavanger
Søknadsfristsnarest

Forsvarsbygg utvikling stør opp om Forsvaret si operative verksemd ved å utvikle funksjonelle eigedomar, bygg og anlegg. Forsvarsbygg utvikling har ansvaret for, og deltek i heile prosessen frå idéstadiet til leveringa av ferdige bygg og anlegg. Både på taktisk rådgjeving, alternativstudium og prosjektutvikling.

Forsvarsbygg utvikling står for utbygging og investeringar for 2-3 NOK mrd. per år og har leiing og stab lokalisert i Oslo, samt region nord og sør. Region sør er lokalisert med hovudkontor på Hamar. I tillegg har region sør lokasjonar i Trondheim, Rena, Oslo, Rygge, Stavanger og Bergen.

På grunn av høg produksjon framover, søkjer vi etter fleire dyktige prosjektleiarar til å leie prosjekta våre i Bergen-/Stavanger-området. Hovudoppgåva di vil vere å utvikle og gjennomføre store og varierte plan- og byggjeoppdrag for Forsvaret i Sør-Noreg.

Forsvarsbygg har sett oss som mål at arbeidsmiljøet vårt skal vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet hjå dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom personleg og fagleg kompetanse.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • leiing av tildelte enkeltprosjekt i.h.t. Forsvarsbygg sin innkjøpsplan og andre godkjende oppdrag;
  • gjennomføring i samsvar med Forsvarsbygg sitt kvalitetssystem.
  • god økonomi-, utryggleiks-, framdrifts- og kontraktsstyring.
  • å sikre godt samspel og kommunikasjon mellom alle involverte aktørar i dei ulike fasane i prosjekta
  • ansvar for å ta vare på naudsynt kunde- og brukarkontakt i prosjekta
  • ansvar for at SHA-arbeidet blir teke vare på i prosjekta
  • ansvar for at innkjøp er i tråd med gjeldande regelverk

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskole
  • relevant erfaring frå arbeidsområdet
  • lang relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • må kunne tryggingsklarerast til nivå hemmeleg

Utdanningsretning

  • Elektronikk/elektro/telekommunikasjon
  • Bygg og anlegg

Utdanningsnivå

  • Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar

  • strategisk
  • prosessorientert
  • samarbeidsviljug
  • kundeorientert
  • gode kommunikasjonsevner
  • resultatorientert

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • løn som senioringeniør/seniorarkitekt/overingeniør/overarkitekt/prosjektleiar (kode 1181/1182/1087/1194/1113) i.h.t. lønsregulativet i Staten avhengig av utdanning og erfaring
  • gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • gode høve for økonomisk stønad til kompetanseutvikling
  • fleksitid, sommartid og betalt overtid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse og såleis gode bustadlånordningar og god forsikring- og pensjonsordning
  • gode velferdsordningar
  • utfordrande jobb i ei dynamisk verksemd

Søk stillinga her

Kontaktinfo: Per Anders Bakke - Regionssjef - (+47) 975 40 174

Bjørn Tore Rognstad - Prosjektsjef - (+47) 905 65 354


Vis flere stillinger: