Klart for markering av E16 Smedalsosen-Borlaug

Laurdag 30. august vil Statens vegvesen markere at den nye strekninga E16 Smedalsosen-Borlaug er teken i bruk.

For 200 år sidan reiste delegatar frå Vestlandet gjennom Lærdal på veg til Eidsvoll for å vere med på utarbeidinga av Noregs første grunnlov. For 150 år sidan fekk landet sin første vegdirektør, og Statens vegvesen vart grunnlagt. Desse to jubilea feirar vi nettopp i Lærdal, med å opne nye E16 mellom Smedalsosen–Borlaug, og fire restaurerte bruer på dei gamle vegane gjennom Maristovelia.

Markeringa E16 Smedalsosen-Borlaug skjer ved den nye brøytestasjonen på Borlaug, og det blir mellom anna snorklypping og veteranbilkortesje som del av programmet. Oppmøte er klokka 11.45. Ta på gode sko og kle etter vêret, då programmet seinare på dagen føregår ute i terrenget.

Lærdal og fjellområda rundt har i fleire hundre år vore knutepunkt mellom aust og vest, og det var denne vegen eidsvollsmennene reiste i 1814. Frå Bergenshus amt kom dei, alle i same ærend. På markeringa 30. august vil vi trekke

linjer bakover i tid, og samstundes løfte blikket og sjå framover. Knapt nokon stad er vegutviklinga like tydeleg som i

Lærdal, side om side ligg fleire generasjonar veg. Ved Honingane og Maristova skriv ein i desse dagar neste kapittel i

veghistoria med bygginga av ny E16 over Filefjell.

Markeringa er del av eit felles arrangement med Lærdal kommune, Grunnlovsjubileet 1814-2014 og Statens vegvesen si 150-årsmarkering i år.