Askøypakken søkjer byggeleiarar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist01.09.2014

Vil du vere med på det store vegløftet på Askøy? Vegvesenet er i full gang med Askøypakken, og treng dyktige medarbeidarar. Prosjektet har ei totalramme på 1 540 millioner over 8 år.

Askøypakken har no starta på delprosjekta fv. 212 Slettebrekka og fv. 563 Strømsnes. Prosjekta inneheld fleire bruer og tunneler, vanskelege tilpassingsoppgåver på eksisterande veg, og ny veg i nytt terreng mange spennande og fagleg utfordrande oppgåver for den rette personen. Utbyggingsprosjekta er prosjektert modellbasert, og det vil verte mykje nytt å ta tak i.

Prosjektet skal etablere prosjektkontor sentralt på Askøy, og du vil få kontorplass der saman med resten av prosjektteamet. Stillingane høyrer til i byggherrepoolen i Region vest, f.t. knytt til Vegavdelinga Hordaland.

Arbeidsoppgåver:

  • Vi søkjer byggeleiarar med god forståing for byggeleiarrolla. Du vil få hovudansvar for teknisk og økonomisk gjennomføring av små og store vegprosjekt i pakken, og må derfor ha fagleg tyngde samt kunne kommunisere og samarbeide godt med grunneigarar, konsulentar, entreprenørar og dei andre i prosjektet. Hovudoppgåvene for byggeleiar vil vere;

  • Følgje og bidra i utarbeiding av byggeplan og tilbodsgrunnlag
  • Leie utbygginga og kontakta med entreprenør
  • Drive HMS-arbeid
  • Utføre kvalitets-, framdrifts og kostnadskontroll

Kvalifikasjonskrav:

  • Eksamen frå universitet eller høgskule innan veg-/arealplanlegging eller tilsvarande, minimum 3 år
  • Erfaring som byggeleiar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner, løysingsorientert og stå på vilje

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Prosjektet vil bruke tid og ressursar for å skape ei positiv, aktiv og trygg arbeidsgruppe, som vil stå på saman for at prosjektet skal lykkast. Om du har dei rette faglege kvalifikasjonane, og vil bidra til ei god felles gruppe, ser vi fram til å høyre frå deg.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk her

Kontaktpersonar:

Ole-Henning Davik

tlf: +47 55516358

mob: +47 91699192

Vis flere stillinger: