Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Hordaland |
Sted | Bergen |
Søknadsfrist | 01.09.2014 |
Vil du være med på det store veiløftet på Askøy? -Vegvesenet er i full gang med Askøypakken, og treng dyktige medarbeidere. Prosjektet har ei totalramme på 1 540 millionar over 8 år.
Askøypakken har no starta på delprosjekta fv. 212 Slettebrekka og fv. 563 Strømsnes. Prosjekta inneheld fleire bruer og tunneler, vanskelege tilpassingsoppgåver på eksisterande veg, og nye veg i nytt terreng – mange spennande og fagleg utfordrande oppgåver for den rette personen. Prosjekteringsoppdraga skal utførast modellbasert, og det vil verte mykje nytt å ta tak i. Parallelt med desse delprosjekta vert det arbeid med å starte opp prosjekteringa og planlegging på alle dei andre delprosjekta.
Stillinga vil være tilknytt byggherrepoolen, ft. vegavdelinga Hordaland. Askøypakken vil etablere prosjektkontor på Askøy, og prosjekteringsleiar får kontorplass der saman med resten av prosjektteamet.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til følgjande område:
- Styre prosjekteringsoppdrag
- Fagleg koordinering av fleire ulike fagfelt
- Bidra og følgje opp prosjekteringa i byggeperioden
- Arbeid med anskaffing
- Intern fagleg bistand
Kvalifikasjonskrav:
- eksamen frå universitet eller høgskule innan veg-/ arealplanlegging eller tilsvarande, minimum 3 år
- erfaring som prosjekteringsleiar/ planleggingsleiar
- erfaring frå planlegging av bru, veg og tunnel
- god skriftlig og munnleg framstillingsevne
- evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
- gode samarbeidsevner, løysingsorientert og stå på vilje.
For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.
Prosjektet vil bruke tid og ressursar for å skape ei positiv, aktiv og trygg arbeidsgruppe, som vil stå på saman for at prosjektet skal lykkes. Om du har dei rette faglege kvalifikasjonane, og vil bidra til ei god felles gruppe, ser vi fram til å høyre frå deg.
Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.
Kontaktpersonar:
Ole-Henning Davik
tlf: +47 55516358
mob: +47 91699192
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Bergen
- Fylke Hordaland