Askøypakken søkjer nabokontakt

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist17.08.2014

Vil du vere med på det store vegløftet på Askøy – Askøypakken er i full gang, og treng dyktige medarbeidarar! Prosjektet har ei totalramme på 1 540 millionar over 8 år. Prosjekta inneheld fleire bruer og tunneler, vanskelege tilpassingsoppgåver på eksisterande veg, og nye veg i nytt terreng – noko som vil føre med seg mange spennande fagleg utfordringar.

Daglig kommunikasjon med publikum vert nabokontakta si primæroppgåve. Det kan vere skular, grunneigarar, busselskap, næringsliv, bilistar med fleire som prosjektet må kommunisere og samarbeide med. Oppgåvene vil vere mange, og arbeidet gjev god moglegheit til utvikling for den rette personen.

Stillinga vil være tilknytt Byggherrepoolen i Region vest, for tida ved vegavdeling Hordaland. Askøypakken vil etablere prosjektkontor på sentralt Askøy, og nabokontakten får kontorplass der saman med resten av prosjektteamet.

Arbeidsoppgåver:

  • Dialog og møte med naboar og grunneigar
  • Følgje opp og svare på eksterne førespurnader
  • Intern koordinering og avklaringar med byggeleiar og teknisk personell
  • Samarbeide tett med grunnervervar og kommunikasjonsrådgjevar
  • Vere oppdatert på framdrift på strekningane
  • Vere med på møter i plan- og utbygningsfase
  • Bindeledd mellom prosjektet, naboar, kommune, offentlige myndigeter og entreprenører

Kvalifikasjonskrav:

  • Eksamen frå universitet eller høgskule gjerne innan medie/kommunikasjon/service eller tilsvarande. Personar med eksamen innan arealplanlegging eller vegfag er også kvalifisert å søke på stillinga.
  • Vil bli lagt vekt på at den som tilsettes er initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, behersker godt norsk både skriftlig og muntlig
  • Vi legger vekt på at du er ryddig, strukturert og serviceinnstilt, samt har gode evner for å skape samarbeid og gode tillitsforhold
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, løysingsorientert og stå på vilje
  • Det er ellers viktig med gode generelle datakunnskaper siden våre interne systemer er elektroniske og i hovedsak basert på internett/web-hotel

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Prosjektet vil bruke tid og ressursar for å skape ei positiv, aktiv og trygg arbeidsgruppe, som vil stå på saman for at prosjektet skal lykkes. Om du har dei rette faglege kvalifikasjonane, og vil bidra til ei god felles gruppe, ser vi fram til å høyre frå deg.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk stillinga her

Kontaktpersonar:

Ole-Henning Davik

tlf: +47 55516358

mob: +47 91699192



Vis flere stillinger: