Ledig stilling innan vegplanlegging

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist15.09.2014

Vil du styre planprosjekt i Statens vegvesen? Vi søkjer etter planleggingsleiarar til vårt tverrfaglege planmiljø på regionkontoret i Leikanger.

Hjå oss kan du mellom anna jobbe med reguleringsplanar for europavegane E39 og E16 og for fylkesvegnettet på Vestlandet. Vi treng planleggingsleiarar for konkrete prosjekt på Førdepakken og for E39 frå Skei og nordover.

Planseksjonen høyrer til Ressursavdelinga i Region vest som totalt har eit samla fagmiljø med 260 medarbeidarar. Vi på planseksjonen har ansvar for å leie og gjennomføre planlegginga av store og små investeringsprosjekt. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene vil variere noko innan følgjande område, avhengig av erfaring og kompetanse.
  • vegplanlegging
  • styre planprosjekt (planleggingsleiing)
  • engasjere og styre konsulentoppdrag
  • reguleringsplanar og kommunedelplanar
  • konsekvensutgreiingar
  • sakshandsaming etter plan- og bygningslova

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan veg-/areal-/transportplanlegging, trafikkteknikk eller tilsvarande
  • ønskjeleg med erfaring som prosjektleiar/planleggingsleiar
  • vi krev at du har erfaring frå eit eller fleire av følgjande fagområde: arealplanlegging, planlegging/prosjektering av vegar og tunnelar eller trafikkplanlegging
  • ønskjeleg med erfaring i bruk av dataverktøy i planlegginga (AutoCAD, NovaPOINT, GisLine, ArcGis, m.fl.)
  • Det er ønskjeleg at søkjar har førarkort kl. B
  • Det må påreknast noko reiseaktivitet på oppdrag i regionen

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillingane, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT( www.nokut.no).

Vi ynskjer at du er:

  • Glad i faget ditt og resultatorientert
  • Kan styre, koordinere og samordne oppgåver
  • God til å samarbeide med andre
  • Analytisk og kan sjå problemstillingar frå fleire vinklar
  • Flink til å uttrykke deg skriftleg og munnleg

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og muligheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Søknad Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette. 

Søk stillinga her

Kontaktpersonar:

Ellen Slinde

tlf: +47 57655795

mob: +47 99203238