Medarbeidarar innafor gang, sykkel og kollektiv

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist31.08.2014

Vil du bidra til å utvikle eit godt kollektivtilbod og betre tilrettelegginga for syklistar og fotgjengarar i Stavanger-regionen?

Plan- og forvaltningsseksjonen i Stavanger søkjer no etter deg som vil arbeide med gang, sykkel og kollektivtiltak Sør-Rogaland. Vi er 23 engasjerte og kompetente tilsette, i hovudsak sivilingeniørar, ingeniørar, samfunnsvitarar og fagarbeidarar. Våre hovudoppgåver er planansvar for vegprosjekt, kollektiv- og g/s-tiltak, miljøtiltak, trafikksikringsarbeid og uttalar til kommunale arealplanar.

De kommande åra skal veksten i persontransporten i byområda takast med kollektivtransport, gange og sykkel som et bidrag til å oppfylle krava i klimaforliket. Vi ynskjer difor å styrke oss innan dette område og søker etter deg som har lyst til å hjelpe oss med å auka sykkelbruken, og å få fleire fornøyde kollektivreisande gjennom å forme gode løysningar for framtida.

Kva skal du jobbe med?

  • Delta i planlegging av nye sykkelanlegg, gangtilbod og kollektivløysningar
  • Kvalitetssikre og bestille utbetring av veger for fotgjengarar og syklistar
  • Utgreie og bestille mindre kollektivtiltak
  • Ivareta Statens vegvesen si rolle i samband med sykkelturisme
  • Vera pådrivar for å auka andelen fotgjengarar og syklistar i byområda

Alt etter di erfaring og interesse, samt seksjonen sitt behov, vil oppgåvene avpassast.

Kvalifikasjonskrav:

Vi søkjer deg med bachelor- eller mastergrad, innafor relevant fagområde.

  • Det er vidare ynskjeleg at du har:

  • Erfaring med og interesse for gange-/sykkel- og kollektivtiltak
  • Erfaring innafor arealplanlegging og samferdsle i offentleg eller privat sektor
  • Evne til å finne praktiske løysningar og samtidig oppteken av framdrift
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg • Gode samarbeidsevner

For deg som har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuelt med etterutdanning og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Nyutdanna vil også bli vurdert.

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg godt skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Vi kan mellom anna tilby:

  • Ein arbeidsplass med stor takhøgd, fagleg fokus, spennande arbeidsoppgåver
  • Særs gode muligheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
  • Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2% til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse
  • Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter
  • Fleksitid

Ein god og mangfaldig arbeidsplass:

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av klare og trygge rammer for våre medarbeidarar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss, og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ynskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad:

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må ho godkjennast av NOKUT ( www.nokut.no).

Søk stillinga her

Kontaktpersonar:

Lisa Garpe

mob: +47 91323718


Vis flere stillinger: