Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Leikanger |
Søknadsfrist | 19.08.2014 |
Statens vegvesen har ei ledig stilling med byggherreoppgåver innan HMS, knytt til Byggherrepoolen i Statens vegvesen Region vest, Vegavdeling Sogn og Fjordane/vegseksjon Sogn. Kontorstad for stillinga er f.t Leikanger.
AKTUELLE ARBEIDSOPPGÅVER I STILLINGA:
Følgje opp HMS på kontraktar på seksjonen og gje rettleiing og støtte til byggjeleiar.
Støtte HMS-koordinator og inneha HMS-koordinatorrolle i enkelte prosjekt.
Bidra til kontroll av dokumentasjon i oppfølging av HMS.
Bidra til oppfølging av kvalitet på byggjeprosjekt, mellom anna på ny Loftesnes bru.
KVALIFIKASJONSKRAV:
Min 3 år utdanning frå universitet/høgskule. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader, kan kravet til utdanning fråvikast.
Kjennskap til korleis entreprisedrifta vår skal fungere mop. HMS.
Det er ønskeleg med kjennskap til synergi og Elrapp.
Krav om førarkort kl. B.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).
VI LEGG VEKT PÅ FYLGJANDE PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
Gode pedagogiske evner
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Strukturert og systematisk
Løysingsorientert og samarbeidsvillig
Evne til å skape resultat innan området
VI TILBYR:
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Gode vilkår for fagleg oppdatering og vidareutdanning
Eit triveleg arbeidsmiljø og ordna arbeidsforhold
Løn etter avtale i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse
SØKNAD:
Statens vegvesen er opptekne av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.
Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.
Spørsmål om stillinga?
Eivind Yttri
Telefon
57 65 57 99
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Leikanger
- Fylke Sogn og Fjordane