Prosjektleiar - nyanlegg

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist31.08.2014

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som prosjektleiar. Stillinga er knytt til avdeling Rogaland seksjon Veg Stavanger og inngår i byggherrepoolen i regionen.

Den ledige stillinga er innafor fagområdet nyanlegg. Oppgåvene vil mellom anna vera vidare utbygging av kollektivtraséer i Stavanger og Sandnes og andre større prosjekter i området. Vi ynskjer søkjarar med kompetanse / erfaring frå leiing av større veg-/ kommunaltekniske prosjekt, kjennskap til retningslinjer for vegplanlegging / prosjektering, erfaring med bygging i byområder og av kommunaltekniske anlegg. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan sterke fagmiljø. Seksjonen er i dag organisert med 47 årsverk.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Det heile ansvar for prosjektas kvalitet, framdrift, økonomi og HMS i tråd med prosjektbestilling
  • Det formelle ansvar i forhold til offentlige etatar, naboar og alle andre som vert råka av prosjektgjennomføringa
  • Ansvar for informasjon
  • Ansvar for å utarbeida nødvendige instruksar for å avgrensa ansvar og mynde for underordna personell
  • Diverse sakshandsaming knyt til prosjekta
  • Også andre arbeidsoppgåver innanfor prosjektleiing vil kunne påreknas.

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule minimum 5 år med relevant fagkrins, jmf. beskriving over
  • Søkjarar må ha førarkort kl. B Må kunne beherske norske målføre, både skriftleg og munnleg

For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, etterutdanning og gode personlige eigenskapar for stillinga kan kravet til utdanning fråvikas.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, må ho godkjennast av NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på:

  • Kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • Erfaring frå liknande arbeid/ bransjeerfaring Kunne medverke til eit godt arbeidsmiljø både internt og i forhold til entreprenørane
  • Evne til å jobbe målretta og strukturert

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale, jamfør etatens lønspolitikk. Frå løna blir det trekt 2 % til Statens Pensjonskasse
  • Eigne leiarutviklingsprogram Gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Etaten har eigne bedriftshytter
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Høve til å få lån i Statens pensjonskasse

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling: Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Spørsmål om stillinga?

Leif Lindefjeld

Telefon

51 91 14 12

Øivind Kommedal

Telefon

51 91 13 98

Søk her

Vis flere stillinger: