Det blir lyst ut eige oppdrag for elektro-installasjonar, i samband med oppgraderinga av E134 Svandalsflonatunnelen på Haukeli. Foto: Geir Brekke

Nytt elektro-oppdrag på Haukeli

Statens vegvesen lyser ut konkurranse om elektro-installasjonar for oppgradering av E134 Svandalsflonatunnelen på Haukelifjell.

Det skriver Vegvesenet i ei pressemelding tysdag.

Det pågår som kjent arbeider i tunnelen i sommar, og den pågåande entreprisen skal vera avslutta til 1. november. Deretter skal elektro-entreprisen ta til, med fullføring til 1. juli 2015, skriver Vegvesenet i pressemeldinga.

Vinteren avgjer

Medan arbeidet pågår i tunnelen nyttar entreprenøren gamlevegen forbi den 1.050 meter lange tunnelen som omkøyringsveg. Sidan vegen ligg kring 1.000 meter over havet er det uvisst kor lenge ein kan nytta gamlevegen til kolonnekøyring komande haust og vinter. Det betyr at det kan bli eit opphald i elektroarbeidet i vinter, med framhald ut på våren 2015, etter at snøen er fjerna frå gamlevegen. Med gode føretilhøve før jul 2014 kan det bli aktuelt å driva med arbeid i tunnelen, med omkøyring på gamlevegen – eventuelt kolonne gjennom tunnelen.

Lys og radio

Entreprisen omfattar montering av kring 100 nye lysarmaturar, radiosamband og nytt styringssystem. Kabeltrekking, installasjonar i nødskap og to nye tekniske bygg ligg og inne i elektro-jobben. Det same gjeld legging av kring 1.500 kvadrat med nytt PE-skum, dekka med spøytebetong.

Frist for å gi pris på oppdraget er sett til 3. september. Det blir tilbodskonferanse 7. august, med frammøte hjå Statens vegvesen i Odda.