Hardangerbrua har blitt eit nytt turistmål. Foto: Geir BrekkeFoto: Geir BrekkeFoto: Geir BrekkeFoto: Geir BrekkeFoto: Geir BrekkeFoto: Geir BrekkeFoto: Geir Brekke17. august åpnet Hardangerbrua mellom Bu og Vallavik i Hardanger. Den er Norges lengste og verdens åttende lengste hengebru. Foto: Ole Harald Dale

Hardangerbrua nytt turistmål

Sommartrafikken kan så langt tyde på at Hardangerbrua kan bli eit nytt reisemål for turistar på Vestlandet.

Det skriver Statens vegvesen i ei pressemelding på sine nettsider.

Rasteplassen til brua har, ifølgje pressemeldinga, hatt godt besøk i første delen av sommaren. Turistane kjem i bil, bubil og turistbus, dei brukar rasteplassen og servicebygget. Men ikkje minst skal dei fram til utsiktspunktet på rasteplassen for å sjå på Hardangerbrua, og ta bilete av brua og fjordlandskapet.

Dei som tek seg tid til ein lengre stopp, kan la bilen stå, og bruka gang- og sykkelvegen til å kryssa brua. Rasteplassen, med parkering, ligg på Bu, på sørsida av fjorden. I Vallavik – på nordsida av fjorden, er det ein romsleg snuplass for bussar. For turbussane gir dette høve til å setja passasjerane av bussen på eine sida av fjorden, og så å plukka dei opp på andre sida, etter ei vandring over brua.

Det pågår spyling og maling under Hardangerbrua fram til 15. august. Dermed er det stundom anleggsbilar og maskiner på ein liten del av gang- og sykkelvegen. Men dette skal ikkje vera til hinder for syklistar og turvandrarar over brua, skriver Vegvesenet.