Foto: Statens vegvesen

Lys i Eikåstunnelen

- No er det er lys i tunnelen i dobbel forstand, melder prosjektleiar Steinar Eide. Arbeida med Eikåstunnelen i i Åsane nærmar seg sluttføring og dei store vegkonstruksjonane er ferdige.

- No er det er lys i tunnelen i dobbel forstand, melder prosjektleiar Steinar Eide. Arbeida med Eikåstunnelen nærmar seg sluttføring og dei store vegkonstruksjonane er ferdige, skriv vegvesen.no.

For tida arbeider entreprenøren med slitedekke asfalt, rekkverk, skilt, vegmerking og diverse gartnararbeid.

- Om det ser ferdig ut står det enno igjen en del arbeid før opning, som vi reknar med i midten av oktober. I tillegg til er elektroentreprenøren i sluttfasen med elektroarbeida og held no på med overvaking- og styringssystemet for anlegget, opplyser ein ferieklar prosjektleiar. Når elektroentreprenøren er ferdig må systema programmerast og testas, slik at ein er sikre på at alt fungerer. Så kan tunnelen tryggleiksgodkjennast og takas i bruk. Heilt til slutt blir det øving for naudetatane for at dei skal få gjere seg kjent med anlegget.

I dag er strekninga frå Plantasjen til Vågsbotn lysregulert og berre open for kollektivtrafikk.

- Vi er no i gang med å tilbakeføre vegen til slik den var før, og vi håpar at dette kan skje før ferien i veke 29-30, avsluttar Eide.