Foto: Gudmund Lunden/Statens vegvesen

Borlaugstunnelen opna for trafikk

Torsdag 10. juli klokka 13 kunne dei første bilane køyre igjennom den nye Borlaugstunnelen på E16 i Lærdal.

Det vart ei uformell markering på Borlaug der det vart delt ut ein blomsterbukett til den første bilisten i kvar retning, og til entreprenørane ved Tore Bruland i KA Aurstad AS og assisterende prosjektleiar i Mesta AS, Thi Kim Truong.

- Dei er representantar for entreprenørane som har utført godt arbeid langs ein utfordrande trasé sidan hausten 2011, seier byggjeleiar Sveinung Brude.

Med dette vart det markert at det no er sett trafikk på 9 km av totalt 11 km ny E16 mellom Borlaug – Smedalsosen. Dei siste 2 km av parsellen blir ferdig i september 2014. I slutten av august vil det bli ei markering for heile strekninga E16 Smedalsosen-Borlaug.