Prosjekt- og administrasjonskoordinator

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som ei vidareutdanning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg
FylkeOslo
StedOslo evt. Ørland
Søknadsfrist24.07.2014

 Forsvarsbygg kampflybase er byggherre og ansvarleg for vidareutvikling av ny kampflybase i Noreg, herunder Ørland og Evenes. Prosjektet skal koordinere og leie all aktivitet i samband med planlegging og etablering for forsvarssektoren og i høve til alle relevante styresmakter og samfunnet for øvrig.

Våre byggje- og anleggsprosjekter har eit stort spenn av oppgåver. Vi har behov for å styrke prosjektorganisasjonen med ein prosjekt- og administrasjonskoordinator til allsidige administrative støtteoppgåver.

Stillinga rapporterer til stabssjef. Arbeidsstad vil være Oslo, eller Ørland. Reiseverksemd må påreknast.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Administrativ støtte/bistand innan diverse fagfelt, deriblant:
  • kontorstøttefunksjon
  • fakturahandtering og oppfølging
  • administrasjon av teikningssarkiv
  • administrative innkjøp

Kvalifikasjonar

  • utdanning frå universitet eller høgskule
  • nyutdanna med relevant praksis oppfordrast til å søkje
  • ynskeleg med røynsle frå prosjektorganisert verksemd, gjerne med større offentlege prosjekt
  • gode datakunnskapar
  • kompetanse på Agresso og elektroniske arkivsystem er ein fordel
  • erfaring frå offentleg verksemd er ein fordel

Utdanningsnivå

  • Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar

  • høg gjennomføringsevne, samt evne til å beherske fleire parallelle prosjekt
  • praktisk og operativ legning
  • serviceinnstilt
  • fleksibel
  • strukturert
  • ansvarsbevisst

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • løn som seniorkonsulent (kode 1363) etter lønsregulativet til staten avhengig av utdanning og erfaring
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, og såleis ei god bustadlånsordning og gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • gode velferdsordningar
  • ein utfordrande jobb i eit dynamisk selskap
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Vis flere stillinger: