Tverrfagleg planmiljø søkjer landskapsarkitektar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist01.09.2014

Ønskjer du å bruke din kompetanse til å påverke utforming av veg- og gateprosjekt?

Vi søkjer etter landskapsarkitektar til vårt tverrfaglege planmiljø på Regionvegkontoret i Leikanger.

Hjå oss kan du mellom anna jobbe med reguleringsplanar og byggeplanar for europavegane E39 og E16 gjennom vestlandet. Fylkesvegnettet på vestlandet går gjennom vakkert landskap og hjå oss kan du vere med å påverke utforming av desse. Spanande formgjeving får du også prøvd på skredsikringstiltak. For Turistvegprosjektet kan du prosjektere rasteplassar og skjøtsel av vegetasjon. Byutfordringar og tiltak for kollektivtrafikk og mjuke trafikantar er interessante oppgåver som ventar deg.

Plan- og prosjekteringsseksjonen høyrer inn under Ressursavdelinga som har eit samla fagmiljø med 260 medarbeidarar i regionen. Vi er i dag 15 landskapsarkitektar i Region vest fordelte på kontora i Leikanger, Bergen og Stavanger. Du som landskapsarkitekt inngår i planleggingsteam saman med mellom anna naturvitarar, arkeologar, arkitektar, veg- og trafikkplanleggarar.

Arbeidsoppgåver: Landskapsarkitektane i Statens vegvesen har stort ansvar og stor påverknad på vegplanlegginga.

Jobbe med landskapstilpassing og estetisk utforming av vegar

Lage landskapsanalysar

Utarbeide YM-planar (Ytre miljø-planar)

Utarbeide teikningar og skildrande tekst til plangrunnlag og/eller konkurransegrunnlag

Leige og styre konsulentar

Følgje opp landskapsfaget i byggefasen

Kvalifikasjonskrav:

Vi ønskjer oss kollegaer med mastergrad i landskapsarkitektur

Vi vil gjerne at du har erfaring frå deltaking i planlegging eller prosjektering av vegar

Vi ønskjer også at nyutdanna landskapsarkitektar søkjer hjå oss

Har du talent for og erfaring med visualisering så har vi mange oppgåver til deg

Det er nødvendig med førarkort kl. B

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT( www.nokut.no).

Vi ynskjer at du er:

Glad i faget ditt og resultatorientert

God til å samarbeide med andre

Analytisk og kan sjå problemstillingar frå fleire vinklar

Flink til å uttrykke deg skriftleg og munnleg

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

introduksjonsprogram og fadderordning

fleksitid og gode ordningar for avspasering

pensjonsordning og muligheiter for lån i Statens pensjonskasse

etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn avtalast nærare i samsvar med etatens lønnspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse.

Søknad

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Søk via vår jobbportal: www.vegvesen.no/jobb utlysingsnr: 3-063-14.

 Spørsmål om stillinga?

Ellen Slinde

Telefon

57 65 57 95

Tom Hellebø

Telefon

57 65 58 27