Assisterande prosjektleiar og teknisk byggjeleiar til Prosjektet E16 over Filefjell

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeOppland
StedTyinkrysset
Søknadsfrist18.08.2014

For å førebu og styra den auka aktiviteten på Filefjell aukar vi byggherrebemanninga. No har du sjansen til ei spennande og utfordrande stilling i ein profesjonell byggherreorganisasjon. Stillingane er knytt til Byggherrepoolen i Region vest, for tida med kontorstad på byggherrekontoret for prosjektet.

Statens vegvesen er i gang med bygging av ny E16 frå Øye i Vang kommune i Oppland til Borlaug i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Vegstrekninga er 40 km inklusiv 3 tunnelar på til saman 12 km, og har ein totalkostnad på 3 milliardar kroner. Anlegget er venta ferdigstilt i 2017 - 2018. Byggherrekontoret er lokalisert til Tyinkrysset. Prosjekt E16 Filefjell er delt i 4 parsellar / kontraktar der den eine er avslutta og den siste er i prosjekteringsfase. Les meir om prosjektet E16 Filefjell på vår heimeside.

1. Assisterande prosjektleiar

Vi søkjer assisterande prosjektleiar som kan avlasta prosjektleiar og vera stedfortredar.

Arbeidsoppgåvene vil til ein viss grad bli tilpassa den tilsette sine kvalifikasjonar, men følgjande er aktuelt:

Bistand og hjelp til koordinering for prosjektleiar og byggjeleiarar

Ansvar for styrande dokument

Overordna ansvar for kvalitet og dokumentasjon i både prosjekterings- og byggjefase

Dataflytansvarleg

2. Teknisk byggjeleiar

Vi søkjer ein teknisk byggjeleiar som kan avlasta hovudbyggjeleiar på strekninga Øye Eidsbru.

Arbeidsoppgåver:

Teknisk ansvar for gjennomføring av kontrakten både i tunnel og veg i dagen.

Teknisk byggeleiar rapporterar til hovudbyggjeleiar, men organisasjonsmessig er prosjektleiar næraste overordna.

Tilrettelegging for bygging i 2015

Leia kontrollingeniørar i byggjefasen.

Tett samarbeid med HMS-koordinator

Kvalifikasjonskrav:

Minimum 3 år utdanning frå universitet eller høgskule, med kompetanse innan fagområdet. Det vert og kravd lang og allsidig erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver. Omfattande og relevant erfaring innafor fagområdet kan kompensera for manglande formell utdanning.

Krav om førarkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Det vil bli lagt vekt på at du:

Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Er omgjengeleg, sjølvstendig og løysingsorientert

Har gode samarbeidsevner og er fleksibel

Er analytisk og strukturert

Kan bruka dataverktøy, og er lærevillig

Statens vegvesen Region vest kan tilby:

Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver på eit milliardprosjekt innan samferdsel

Personleg og fagleg utvikling gjennom deltaking på kurs og etter- og vidareutdanning

Høve til å påverke eigne arbeidsoppgåver og jobb innafor ein prosjektorganisasjon i vekst

Eit godt arbeidsmiljø i nye og funksjonelle kontorlokale saman med engasjerte og dyktige medarbeidarar

Løn etter nærare avtale i høve etaten sin lønspolitikk

Pensjonsordning i Statens pensjonskasse - det blir trekt 2 % pensjonsinnskot

Gode velferdsordningar

Søknad:

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Dersom du synest dette høyrest spanande ut, søkjer du på stillingane via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb, utlysingsnr. 3-062-14.

 Spørsmål om stillingen?

Odd Erik Haugen

Telefon

57 65 57 68

Vis flere stillinger: