Byggjeleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen eller Knarvik/Åsane
Søknadsfrist17.08.2014

VI SØKJER BYGGJELEIAR I NORD– OG MIDTHORDLAND

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling i Vegavdeling Hordaland, Vegseksjon Nord-, Midt- og Sunnhordland som byggjeleiar for investeringsprosjekt i Nordhordland og Midthordland.

Kontorstad i Knarvik/Åsane eller Bergen. Stillinga inngår i byggherrepoolen i regionen.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer byggeleiar som forstår mekanismane og kan løyse utfordringane i store og mindre byggeprosjekt. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa og evalueringa av entreprisekontraktar i prosjekta. God fagleg tyngde frå byggjeleiing er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.

Du skal

• leie byggjeførebuingane og utarbeida byggjeplan og konkurransegrunnlag

• leie utbygginga

• drive HMS arbeid

• utføre kvalitets- og kostnadskontroll

• ha kontakt med og følgje opp entreprenørar og andre leverandørar

• ha kontakt med kommunar, grunneigarar og presse

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn

Kanskje har du allereie vore leiar for anleggsprosjekt, men også anna erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant.

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå vekk frå utdanningskravet. Førarkort for bil (klasse B) kan vere ein fordel.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må denne vera godkjent av NOKUT ( www.nokut.no)

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

• introduksjonsprogram og fadderordning

• fleksitid og gode ordningar for avspasering

• pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse

• etatsskular og høve til fagleg påfyll

Løn etter nærare avtale i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Av lønna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte seksjonsleiar Gunhild Vangsnes på mobil 95088609. Søknad sendast via vår jobbportal: www.vegvesen.no/jobb, utlysingsnr.3-061-14)